Hopp til innhold

Forskar: – No er fiskesperra ubrukeleg

Sperra er ein del av kampen mot lakseparasitten i ei av landets nasjonale lakseelver. Men den funkar ikkje dersom den ikkje er 100 prosent sikker, seier forskar.

Laksesperre i elva

FUNGERER IKKJE: Fiskesperra i den nasjonale lakseelva Driva er tetta av mose, gras og kvister. Sperra inngår i kampen mot lakseparasitten.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Vi kan ikkje seie 100 prosent sikkert at det ikkje har gått over fisk, og det er jo heile problemet. Det skal ikkje vere tvil om det går fisk forbi ei fiskesperre, seier Øyvind Solem.

Finnast det tvil, er det eit problem

Øyvind Solem, Forsker hos NINA
Øyvind Solem

LØYSING: Øyvind Solem i NINA meiner ein bør prøve ut andre typar rister, heller enn den som er i bruk no.

Foto: Privat

Solem er forskar i Norsk institutt for naturforsking (NINA). Han har forska mykje på både laks og anna fisk, og gjort fleire undersøkingar i Drivavassdraget.

Han forklarer at rusk legg seg i rista fordi den har tversgåande stag. Ifølge Solem burde den vore utforma annleis.

– Det burde vore spalter nedover, som på andre fiskesperrer.

Overraska av mose

Portrett av mann

OVERRASKA: Jarle Steinkjer i Miljødirektoratet hadde ikkje venta at fiskesperra skulle bli tett av rusk.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

NRK har tidlegare meldt at rusk har skapt trøbbel for landets største fiskesperre.

Då var prosjektleiar i Miljødirektoratet, Jarle Steinkjer, overraska over det som hadde skjedd.

– Vi var førebudd på at det ville kome greiner og rusk, og det hadde vi ein plan for å handtere. Men det var litt overraskande at gitteret blei tetta av mose og gras, sa Steinkjer.

Steinkjer forklarte at dei vil forsikre seg om at laksen ikkje kan gå oppover elva. Dei er blant anna i gang med å sette opp kamera for å sjå kva som skjer på sperra, og om laks kjem seg oppover.

Ifølge Øyvind Solem er ikkje det nok.

– Det vil jo gi eit svar på om fisken går over, men det vil ikkje hindre at den går over.

Har truleg ikkje skjedd enno

Øyvind Solem trur ikkje det har gått fisk over rista i løpet av dei første månadane sperra har vore i bruk. Det grunngir han med at fisken ikkje hoppar like høgt når det er kaldt i vatnet.

– Fisken er ikkje like aktiv når vatnet er for kaldt. Då har den fysiske avgrensingar som hindrar den frå å komme over sperra, forklarer han.

Når sommaren kjem og temperaturane stig er det ein annan sak.

Jarle Steinkjer i Miljødirektoratet har forklart at det ikkje er mogleg å gjere noko med sperra før ein gong ut på sommaren, fordi ein må vente på at vasstanden går ned.

Laksesperra i Driva da den ble montert

FUNGERTE I STARTEN: Fiskesperra i Driva tok unna vatn då den blei montert, men nå går vatnet rett over.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL