NRK Meny
Normal

Møre og Romsdal er olje og gassvinnarar

Møre og Romsdal er den klare olje- og gassvinnaren i Midt-Noreg. Trønderane er for passive, meiner rådgjevingsselskapet Impello Management.

Fra Ulstein verft

Møre og Romsdal har ei maritim klynge i verdsklasse. Dette er med på å føre Møre og Romsdal opp som det leiande olje- og gassfylket i Midt-Noreg.

Foto: Torleif Hagen

Møre og Romsdal har ei maritim klynge i verdsklassa. I dette fylket ligg Nyhamna og Tjeldbergodden. Kristiansund er midtnorsk oljehovudstad. Likevel er analytikar i Impello Management overraska over at Møre og Romsdal dankar ut Trøndelag.

Vi er litt overraska over at forskjellane er så store, seier analytikar Jon Ragnar Viggen.

Næringslivet i Møre og Romsdal står for 72 prosent av den olje- og gassrelaterte omsetninga, og nesten like mykje av verdiskapinga i Midt-Noreg. Også statistikken over talet på olje- og gassverksemder viser den store dominansen som Møre og Romsdal har.

Olje og gass

Møre og Romsdal har 231 verksemder innan olje- og gassnæringa. Sør-Trøndelag har 181 og Nord-Trøndelag 34.

Foto: Skjermdump / Impello

I alt er det 654 verksemder som driv innan olje- og gassbransen i Midt-Noreg. (Tal frå 2011). Desse sysselsette i 2011 29.700 tilsette. Og talet auka med 10 % inn i det etterfølgjande året.

omsetnaden var på 65 milliardar kroner i 2011, og verdiskapinga var på 29 milliardar. Dette var ein vekst på 5 % frå året før.

Trøndelag utmerkjer seg med å ha nokre store organisasjonar innan olje- og gass. Aller størst er rådgjevar, ingeniør- og teknologibedrifta Reinertsen i Trondheim. Dette selskapet har kontor ei rekkje stader i verda, og er også etablert på Tjeldbergodden. Dette selskapet har 855 tilsette.

Også Stjørdal i Trøndelag er store, med anlegget til Statoil. Her arbeider det 748 tilsette.

Men Møre og Romsdal utmerkjer seg med mange bedrifter med litt færre tilsette. Her finn vi Havila Shipping, Island Offshore Management, Rolls-Røyce Marine, Farstad Shipping Bourbon Offshore Norway, Linjebygg Offshore, REM Offshore, Ulstein verft og Brunvoll, som alle har mellom 300 og 650 tilsette.

Det er store forskjellar i verdiskapinga innan olje- og gassnæringa i dei tre midtnorske fylka. Og forskjellane har halde seg forholdsvis stabile. Møre og Romsdal står for 71 prosent av verdiskapinga. Sør-Trøndelag for 26 prosent, og Nord-Trøndelag for 3 prosent.

Verdiskaping

Møre og Romsdal leiar stort når det gjeld verdiskaping i olje- og gass-næringa. Det sørlegaste fylket i Midt-Noreg ligg på topp, etterfølgt av Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag.

Foto: Impello

Analyseselskapet Impello konkluderer med at stå-på-viljen har vore større i Møre og Romsdal enn i Trøndelag. I rapporten skriv selskapet av særleg politikarane i Trondheim har vore for passive når det gjeld å sikre seg arbeidsplassar som er knytte opp mot olje- og gassverksemda.

Næringslivet i Møre og Romsdal har vore flinkare til å setje kunden i sentrum. Bedriftene i Møre og Romsdal har også eit sterkare engasjement for dette enn i Trøndelag, seier Jon Ragnar Viggen.

Impello har utarbeidd analysen for selskapet MOLGA, Midt-Norge Olje og Gass. Dette er ei selskap der det berre er Aure som har eigarinteresser frå Møre og Romsdal. I tillegg til Aure er Trondheim kommune, Sør-Trøndelag fylkeskommune, Stjørdal kommune, Hemne kommune, Orkdal kommune og Hitra kommune med, i tillegg til sterke konsern innan olje- og gassverksemda.

Konklusjonen i rapporten er at Trøndelag, og særleg Trondheim kommune, må kaste seg sterkare inn i kampen om olje- og gassrelaterte arbeidsplassar.

I rapporten heiter det at fleire bransjeaktørar har eit inntrykk av at olje- og gass ikkje er noko satsingsområde for politikarane i Trondheim. Dei hevdar også at eit auka næringspolitisk engasjement i Trondheim vil vere positivt for heile regionen.

Rapporten tek også til orde for at det skal utarbeidast ein klar strategi for å utvikle Trondheim som olje- og gassby.