Ingrid Sara Grimstad Amundsgård, i Navitas Network, seier interesse frå lokal industri er enorm.
– Interessa er stor, og det er stort fokus på lokale bedrifter. Samstundes er det eit stort fokus på samarbeid, fortel Grimstad Amundsgård.
- Les også:
- Les også:
Samla matchar dei gigantane
Ingrid Sara Grimstad Amundsgård er dagleg leiar i Navitas Network.
Foto: Gunnar Sandvik / NRKOg nettopp samarbeid er svært viktig for mindre, lokale bedrifter.
– Mange lokale bedrifter er for små, så det å kunne finne ein partner, anten i vårt område eller lenger nord, er kjempeviktig.
For gjennom samarbeid kan dei små leverandørane stille med eit samla kvalitetsmessig tilbod som matchar dei store bedriftene ute i verda.
– Vi ser at det er ein auka kompetanse no samanlikna med då Nyhamna blei bygga ut, seier Grimstad Amundsgård.
– Den gangen var det mange som gjekk i lære, så det er veldig artig at fleire tilbydarar lokalt no kan levere til høgare opp i verdikjeda.
- Les også:
- Les også:
– Økonomisk gevinst
Gigantutbygginga som etter absolutt alle solemerke får klarsignal på Stortinget, er kostnadsrekna til 77 milliardar kroner.
Den omfattar gassfeltet Aasta Hansteen, Polarled og nye investeringar på Nyhamna i Aukra.
Slik blir det mange oppdrag av, også på Nordmøre.
– Stiller mange av dei lokale veldig sterkt i konkurransen om oppdraga?
– Ja, det gjer dei. Du får ikkje kontraktar berre for å vere lokal, men dei lokale bedriftene veit kva som skal til. Det er fokus på HMS og det er fagleg dyktige folk med kompetansen som trengst.
– I tillegg er blir det ein økonomisk gevinst når ein slepp frakt av folk og utstyr over lange område, avsluttar Ingrid Sara Grimstad Amundsgård i Navitas Network.
Navitas Network er ein nasjonal organisasjon for bedrifter og aktørar som har interesser innanfor olje- og energibransjen.