NRK Meny
Normal

Mor og dotter kjempar på kvar si side i striden om oljeboring i nord

Spørsmålet om oljeboring i nord fører til strid over heile landet. Midt i striden står AUF-leiaren i Møre og Romsdal. Ho får god debattrening på heimebane. Mora er nemleg kommunikasjonssjef i Shell.

Fokus: Ødelegges forholdet mellom mor og datter når datteren er innbitt oljemotstander og moren er kommunikasjonssjef i Shell?

MOR OG DOTTER: Kommunikasjonssjefen i Shell, Kitty Eide, og fylkesleiaren i Møre og Romsdal AUF, Astrid Eide Hoem, har mange politiske diskusjonar ved kjøkkenbenken.

Ved kjøkenbenken heime i Kristiansund går diskusjonen friskt. Astrid Eide Hoem er fylkesleiar i AUF-Møre og Romsdal. Til helga skal ho kjempe mot oljeboring utanfor Lofoten og Vesterålen på Arbeidarpartiet sitt landsmøte. Mora, Kitty Eide, er kommunikasjonssjef i oljeselskapet Shell.

Diskuterer ofte

Kitty Eide og dottera Astrid Eide Hoem

PÅ TUR: Mor og dotter på tur i Kristiansund. Diskusjonen går livleg.

Foto: Frode Berg / NRK

Mor og dotter har begge sterke meiningar om mykje. Ofte motstridande. Og i striden om oljebording i nord står dei stødig på kvar si side.

– Mamma er stolt av det eg får til, men ikkje så glad for at eg fekk det til, seier Astrid Hoem Eide.

– Diskusjonar har vi hatt i 18 år, og dei fleste gongane har vi vel kanskje vore ueinige, seier Kitty Eide.

Ho meiner likevel at denne situasjonen er spesiell.

– Det er mange politiske spørsmål der vi står langt frå kvarandre. Men denne saka er spesiell i og med at eg har den posisjonen eg har, og ho har den ho har, seier Eide.

Les:

Oljebyen Kristiansund

Oljebyen Kristiansund

OLJE: Oljeindustri er blitt ein kjent del av bybiletet i Kristiansund.

Foto: Frode Berg / NRK

Oljeindustrien har overteke i den gamle klippfiskbyen Kristiansund. I mange familiar arbeider minst ein av foreldra med olje. Men mange av dei som veks opp no, meiner at oljelandet Noreg ikkje må gå laus på Lofoten og Vesterålen.

– Denne kampen kjem til å bli skikkeleg jamn, seier Astrid Hoem Eide.

Ho har tatt eit klart standpunkt mot oljeboring, og seier ho stort sett får støtte frå unge i heimbyen. Astrid Eide Hoem er veldig klar over kvar mora står i saka, men familielivet blir ikkje konfliktfylt av den grunn.

– Vi er blitt einige om å vere ueinige. Vi er veldig flinke til å diskutere saka, men det blir ikkje høglydt krangling, seier ho.

Uproblematisk

Kitty Eide, Shell

PÅ JOBB: Kitty Eide er kommunikasjonssjef i Shell.

Foto: Frode Berg / NRK

For sjølv om meiningane er sterke, respekterer begge at den andre har rett til eigne meiningar.

– Alle som kjenner Astrid veit at ho står på eigne bein. Ho står for det ho meiner, ho har ein bakgrunn for det ho meiner. Det har eg også, og that´s it! seier Kitty Eide.

– Eg veit at mamma er stolt over meg uansett kva eg gjer. I bunn og grunn er ho glad i meg, seier dottera.

Landsmøtesak

Astrid Eide Hoem

KLAR: Astrid Eide Hoem seier eit heilt klart nei til oljeboring i Lofoten og Vesterålen.

Foto: Frode Berg / NRK

Oljeøkonomien i Kristiansund er freistande også for nordnorske kommunar. Men AUF sier nei.

– Det er klart at dette vil bli eit stort spørsmål på landsmøtet, og så får vi håpe at det blir vi som sit att med sigeren til slutt.

– Eg vil sjølvsagt gratulere henne om det skjer. Då har ho oppnådd noko som er viktig for henne. Det er min jobb som mor å backe opp når barna jobbar hardt for noko. Men eg kjem ikkje til å vere eining med henne, seier kommunikasjonssjef og mamma Kitty Eide.