Farstad trur Venstre-nei kan ha svekka sjansane for stortingsplass

Som einaste parti gjekk Venstre imot Aasta Hansteen-utbygginga. Møre og Romsdal sin stortingskandidat i partiet, Pål Farstad, var derimot for.

Pål Farstad

Venstre-topp i Møre og Romsdal, Pål Farstad, respekterer partiet si avgjersle om å gå imot Aasta Hansteen-utbygginga. Sjølv var han for prosjektet.

Foto: Leiv-Erik Bondevik / NRK

Fredag gjekk eit nesten samla Storting inn for å bygge Aasta Hansteen-feltet i Norskehavet, der ilandføring av gassen til Aukra gjennom Polarled er vedteke.

Prosjektet blei berre stemt ned av Venstre sine to representantar.

Mange nye arbeidsplassar

– Dette er ein stor dag for heile fylket, Midt-Noreg og heile Noreg, jubla Aukra-ordførar Bernhard Riksfjord etter det siste stortingsvedtaket.

For vedtaket betyr svært mange arbeidsplassar i Aukra og stor verdiskaping i område.

– No står entreprenørane klare, og det er viktig for alle å kjenne si gjestingstid og vere med på det store som skjer no, sa Alf Reistad, leiar i Gassknutepunkt Nyhamna til NRK fredag ettermiddag.

Det veit Venstre òg, men ut frå partiet sitt miljøperspektiv stemte partiet nei til prosjektet.

– Eg har respekt for at våre stortingspolitikarar er tydelege der ein kanskje saknar nokon forpliktingar til elektrifisering, byrjar Pål Farstad, Venstre sin stortingskandidat i Møre og Romsdal.

Saka held fram under bildet.

Vedtok Aasta Hansteen-utbygginga

Denne gjengen var svært glad etter Aasta Hansteen-vedtaket. F.v.: Torgeir Dahl (H), Olje- og energiminister Ola Borten Moe (Sp), stortingsrepresentant og medlem i næringskommiteen Else May Botten (Ap), Aukra-ordførar Bernhard Riksfjord (Ap) og dagleg leiar i Gassknutepunkt Nyhamna Alf Reistad.

Foto: Terje Reite / NRK
Venstre-politikar Pål Farstad

Venstre i Møre og Romsdal sin stortingskandidat, Pål Farstad var for Aasta Hansteen-utbygginga.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Var sjølv for prosjektet

Men Farstad sjølv meinte at Venstre burde stemt i med resten av partia på Stortinget fredag.

– Nei, eg var ikkje imot utbygginga. Samstundes ser eg element som vi må følgje opp mot forpliktingar vi har teke opp. Det er ei sak det står respekt av å ha vore tydelege i. Så langt strekk eg meg, seier Farstad til NRK laurdag.

Han seier saka er vanskeleg for partiet Venstre.

– Men det var ikkje mykje debatt internt i forkant, nei.

– Har du mange meiningsfeller i partiet, som òg var for Aasta Hansteen-utbygginga?

– Klart, her er delte meiningar i Venstre om ei slik sak, men eg må halde meg til politikken sentralt i denne saka. Eg vil i tillegg understreke at Venstre ikkje er imot olje- og gassutbygging generelt, men vi meiner det er fornuftig å stille visse krav.

– Er du glad for at saka gjekk gjennom, trass Venstre sitt nei?

– Nei, eg går ikkje så langt. Men eg registrerer at det var to stemmer imot og eit overveldande fleirtal for, og det får prosjektet leve vidare med, repliserer Venstre-politikaren busett i Kristiansund.

– Eg kjem sterkare tilbake!

Tidlegare i år var den nyvalde Venstre-leiaren i fylkeslaget, Ragnhild Helseth, klar på at målet for valet til hausten var å få Farstad inn på Stortinget.

– Trur du eit Venstre-nei i denne saka svekkjer dine sjansar?

– Det kan nok hende, ja. Men av og til må ein gjere vanskelege avvegingar.

Farstad er derimot svært klar på éin ting:

– Eg kjem sterkare tilbake, både opp mot næring i Kristiansund, på Nordmøre og andre stadar i fylket. Eg skal gi «bånn gass», avsluttar Venstre-politikaren som håper på stortingsplass.

Sjå TV-saka etter stortingsvedtaket fredag under:

Fredag vedtok Stortinget å føre gassen frå Aasta Hansteen-feltet i røyrleidningen Polarled til Nyhamna.

Aasta Hansteen-gass til Aukra