Hopp til innhold

Storeslem til Karsten Warholm og Leif Olav Alnes på idrettsgallaen

Karsten Warholm og trenar Leif Olav Alnes tok heim fire av prisane. Fleire av dei nominerte til årets idrettsgalla var utøvarar frå Møre og Romsdal. Her ser du heile lista.

Felix Baldauf

NOMINERT: Brytaren Felix Baldauf frå Kristiansund er nominert i kategorien Årets gjennombrot.

Foto: Tommy Skauen / NTB scanpix

Årets trenar: Leif Olav Alnes

Leif Olav Alnes frå Torvikbukt er nominert til årets trenar, etter eit vanvitig år saman med Karsten Warholm.

Vinnar: Leif Olav Alnes

Årets gjennombrot: Felix Baldauf

Brytaren Felix Baldauf frå Kristiansund var nominert i kategorien Årets gjennombrot. I 2017 blei han europameister, og tok Norge sitt første EM-gull i herrebryting på 25 år.

Vinnar: Johannes Høsflot Klæbo

Felix Baldauf
Foto: Tommy Skauen / NTB scanpix

Årets trenar: Åge Hareide

Åge Hareide var nominert til Årets trenar. Han har vore trenar for Danmark sitt landslag i fotball sidan desember i 2015, og har i 2017 tatt laget til VM i Russland.

Vinnar: Leif Olav Alnes

Åge Hareide jubel
Foto: Liselotte Sabroe/scanpix Danmark / NTB scanpix

Årets kvinnelege utøver: Ada Stolsmo Hegerberg

Ada Stolsmo Hegerberg frå Sunndal har spelt for Olympique Lyonnais i den franske eliteserien for kvinner sidan 2014. I 2016/17-sesongen scora ho 20 mål, og laget tok sitt tiande gull på rad i toppserien.

Vinnar: Marit Bjørgen

Ada Hagerberg i trening under Algarve Cup 2017
Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Årets mannlege utøver: Olav Lundanes

I året som gjekk har Olav Lundanes frå Ålesund blant anna tatt sitt fjerde VM-gull på langdistansen i orientering.

Vinnar: Karsten Warholm

Olav Lundanes under stafetten i VM i orientering i Strömstad, Sverige, lørdag.
Foto: Adam Ihse / NTB scanpix

Stafettlag orientering: Årets lag

Olav Lundanes er også nominert med det norske stafettlandslaget.

Vinnar: Handballandslaget, menn

Gull til Norge i stafett orientering
Foto: Rolf Gemperle / NTB scanpix

Hilde Nilsen: Årets eldsjel

Hilde Nilsen er nominert til Årets eldsjel for engasjementet sitt i Sunndal IL Håndball.

Vinnar: Terje Våg

Hilde Nilsen
Foto: Frederick Kihle

Nils-Erik Ulset: Årets mannlege funksjonshemma utøver

Nils Erik Ulset representerer Tingvoll Idrettslag som langrennsløpar og skiskytar.

Vinnar: Andreas Bjørnstad

 Nils-Erik Ulset
Foto: Dmitry Lovetsky / Ap

Karsten Warholm: Årets mannlege utøver

2017 blei året då Ulsteinvik sprang frå resten av verda. I spissen for friidrettseventyret stod Karsten Warholm.

Vinnar: Karsten Warholm

Utøverane sin pris: Karsten Warholm

Denne prisen har ingen annonserte nominasjonar på førehand. Vinnaren blir stemt fram av utøverane.

Årets namn: Karsten Warholm

  • Karsten Warholm (nominert)
  • Olav Lundanes (nominert)

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL