Hopp til innhold

Boksing vart vegen ut av kriminalitet for Aristote (19)

Stadig fleire unge blir kriminelle tidleg i livet. For Aristote Buhendua vart idretten løysinga på problemet.

Aristote Buhendua sit på ein krakk med eit par kvite boksehanskar på seg.

BOKSING: Aristote Buhendua seier at boksing har lært han å tenke konsekvensar.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Sveitten renn når Aristote Buhendua beveger seg raskt fram og tilbake inne i bokseringen. Målet er klart. Han skal bli verdsmeister. Men vegen hit har vore tøff for 19-åringen.

Politiet ser ei auke i valdsbruk og alvorleg kriminalitet blant mindreårige. Aristote var ein av desse. Han kunne dra ut på byen ein laurdagskveld, berre for å slost.

Han var sett på som ei bølle, og Aristote jobba også hardt for å oppretthalde det rykte om seg.

– Eg gjorde alt eg kunne for å vere den personen dei trudde eg var, seier han.

Som 16-åring hadde han sitt første møte med politiet. Han skal ha slått til nokon som hadde kalla han stygge ting.

Så balla det på seg. Han flytta frå Stranda til Ålesund. Frå bygda til byen. Her vart han kjent med fleire som hadde hamna i feil miljø.

Redninga var Lars Even

Når den biologiske klokka tikka mot myndig alder, forstod han at han måtte endre seg. Viss ikkje kunne fengsel vere neste stopp.

Redninga var Lars Even.

Lars Even Helstad står inne i ein boksehall i Ålesund.

Lars Even Helstad har jobba med ungdom i over tjue år. Han fungerer som ein slags bonusfamilie for Aristote.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Gjennom kommunen fekk han tilbod om å ta kontakt med Lars Even Helstad. Han hadde jobba med ungdom i mange år, og Aristote fekk tilbod om å bli ein del av familien til Lars Even.

Han foreslo også at han skulle starte på boksing. Det gjorde han.

Eg veit kva det har gjort for andre ungar. Det å få komme hit, slå litt laust, i staden for å gjere det på byen. Det gjer noko med hovudet, seier Lars Even Helstad.

Aristote kallar han for ein av sine beste venner. Også Lars Even sjølv er tydeleg på at det gir mykje igjen å bli kjent med ein som Aristote.

Vi som den familien vi er, er der for den når han trenger oss. Han skal vite at vi har trua på han, det er viktig, seier han.

Nyleg deltok også Aristote på ei samling der det var fleire uniformerte politimenn til stades. Der fortalde han historia si, om korleis han har klart å snu om på livet.

Det kjendest godt at eg ikkje var ein dei skulle ta, men ein dei skulle samarbeide med. Det var ganske spesielt for meg.

 Aristote Buhendua står med kvite boksehanskar.

Aristote seier han har forandra seg mykje som person det siste året. Både mentalt og fysisk.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Vegen mot toppen

Gjennom boksing har Aristote lært seg om konsekvensar. Trør du feil, kan du få eit slag i trynet. Dette tek han også med seg ut i kvardagen.

Skal du bli god i boksing, må du vere den beste versjonen av deg sjølv. Det er mykje mental jobbing, seier han.

Boksetrener Peter Østman står og ser på to personar som boksar inne i ein boksering.

Boksetrenar Peter Østman seier boksing er ein god idrett til å få ut frustrasjon på.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

No trener han først og fremst mot ein plass på landslaget. Trenaren i Ålesund bokseklubb, Peter Østman, er imponert over det han har fått til så langt.

Eg la merke til han tidleg. Han hadde eit talent, og var veldig ivrig på å bli god.

Han trur boksing er ein god idrett for dei som vil lette på trykket.

– Dei som har noko dei trenger å få utløp for, så er bokseklubben ein god plass for det.

Så var det dette hårete målet til Aristote da. Har trenaren trua på at han kan bli verdas beste boksar ein gong?

Om han held fram med å ha motivasjon og glede for sporten, så kan han komme heilt til topps. Han har eit stort talent, så kvifor ikkje? Eg har trua.