Med kraftige kast flyg diskane nedover den grønkledde bana i Langevåg i Sula. Konsentrasjonen er på topp i forsøket på å få disken nærast mogleg den første korga.
Disc Golf Pro Tour, verdscupen, er det høgaste konkurransenivået innan profesjonell diskgolf. Når dei for første gong skulle ha ein av konkurransane utanfor USA, landa valet nettopp på Langevåg og Øverås Frisbeegolfklubb si bane i Vestnes. Turneringa varer frå onsdag til laurdag.
– Frå Las Vegas til Langevåg. Det er veldig kjekt, men vi føler også på eit stort ansvar for å vise oss verdige no når vi har fått tilliten, seier Jostein Håland.
Han er arrangementsansvarleg i Langevåg Diskgolf og har sjølv spelt og konkurrert i diskgolf i ei årrekke.
Jostein Håland seier det er stort å få arrangere den første verdscupen utanfor USA.
Foto: Remi Sagen / NRK– Sporten blomstrar
Diskgolf er størst i USA og amerikanske Kevin Jones er blant dei profesjonelle spelarane som kan halde på med sporten på fulltid. No har han sikta seg inn på ei av topplasseringane i turneringa.
– Eg meiner at eg har gode sjansar og eg er glad for at turneringa blir arrangert også utanfor USA.
Kevin Jones seier at det er lett å lære seg diskgolf og trur det er ein av grunnane til at sporten blir stadig meir populær.
Foto: Remi Sagen / NRKJones fortel at han har sett ei tydeleg auke i interessa for diskgolf.
– Sporten blomstrar og eg trur aldri diskgolf har vore så populært som det er no. Læringskurva er kort og alle kan prøve det. Samtidig får ein god mosjon og kan nyte naturen, og ein kan også konkurrere mot seg sjølv eller andre.
Øyvind Jarnes frå Langevåg vann årets NM i diskgolf og er også med å konkurrerer. Men i motsetnad til sin amerikanske motstandar kan ikkje han livnære seg av sporten.
– Eg kallar det eit nullprosjekt. Eg jobbar som fiskar halve året og spelar diskgolf når eg har fri. For å leve av det må ein vere i USA og spele på ProTouren. Men det er kjekt å konkurrere mot dei på heimebane og ei ære at vesle Langevåg har blitt handplukka til verdscupen, seier Jarnes.
NM-vinnar i diskgolf Øyvind Jarnes synest det er stas å kunne konkurrere med verdseliten på heimebane.
Foto: Remi Sagen / NRKFekk ein oppsving under korona
Målet i diskgolf er kaste ein disk og prøve å treffe ei korg eller eit mål med færrast moglege kast. Diskgolf brukar mange av dei same reglane og uttrykka som vanleg golf.
Leiv Aspén seier at interessa for diskgolf auka kraftig under korona.
Foto: Remi Sagen / NRKOgså her til lands har interessa for diskgolf auka dei siste åra. Særleg under korona skaut det til vêrs. Leiv Aspén, medie- og presseansvarleg for PCS Sula Open, fortel at dei var ein av få idrettar som hadde vekst under korona.
– Det kjem nok av at det er ein lågterskelsport. Det kostar ikkje så mykje å kome i gang og det er som regel gratis å bruke banene. I tillegg er det ikkje ein kontaktsport, som gjorde at ein kunne spele under korona.
I dag finst det rundt 100 disksportklubbar over heile landet og meir enn 500 baner. Det viser tal frå Norges amerikanske idretters forbund (NAIF).
– Frå 2019 til i dag har medlemstalet auka frå 2470 til 6600. I tillegg er det mange som spelar utan å vere medlem i ein klubb, fortel Erik Hammer Staalesen i NAIF.
Over fire dagar skal verdseliten konkurrere i diskgolf på banene til Langevåg Diskgolf og Øverås Frisbeegolfklubb i Vestnes.
Foto: Remi Sagen / NRKOver fire dagar skal verdseliten konkurrere i diskgolf på banene til Langevåg Diskgolf og Øverås Frisbeegolfklubb i Vestnes.
Foto: Remi Sagen / NRKOver fire dagar skal verdseliten konkurrere i diskgolf på banene til Langevåg Diskgolf og Øverås Frisbeegolfklubb i Vestnes.
Foto: Remi Sagen / NRKOver fire dagar skal verdseliten konkurrere i diskgolf på banene til Langevåg Diskgolf og Øverås Frisbeegolfklubb i Vestnes.
Foto: Remi Sagen / NRKHåper på fleire meisterskap
Staalesen fortel vidare at verdscupen har vakse til å bli ei stor turnering. Han seier det ikkje er tilfeldig at turneringa no kjem til Noreg.
– Langevåg og Øverås har i fleire år arrangert gode turneringar og bygd seg opp eit godt rykte utanlands. At det blir lagt hit er ei påskjønning for godt arbeid over lang tid.
Turneringa blir også filma og sendt direkte på nett. I tillegg til publikum som følger konkurransen ved banane, kan det potensielt bli mange internasjonale sjåarar.
– Det er ekstremt viktig at vi no får vist oss fram, både for framtidige arrangement, men også for å tiltrekke oss diskgolfturistar frå heile verda. Dette kan potensielt bety at dei kjem hit for å prøve bana, seier Leiv Aspén.
I Langevåg håper arrangøren at dette kan bli det første av mange internasjonale meisterskap.
– Eg trur moglegheita er der om vi leverer bra, så det er no eller aldri. Vi må gripe sjansen, fortel Jostein Håland.