Hopp til innhold

Sjå skadane etter den kraftige vinden

Minst 40 hus og bygningar vart skada etter den kraftige vinden som trefte kysten søndag. På Veiholmen på Nordmøre var vinden målt til 45,3 meter i sekundet.

Skader på nausttak på Veiholmen etter kraftig vind

Eitt av nausta ute på Veiholmen på Nordmøre miste halve taket på grunn av dei kraftige vindkasta.

Foto: Alf Egil Olsen

Den siste veka har det vore nok av innevêr i Midt-Noreg. Ekstremvêret «Gyda» kom med mykje regn, og la delar av Surnadal under vatn.

Alf Egil Olsen

Alf Egil Olsen var ute og såg seg rundt morgonen etter den sterke vinden trefte kysten på søndag, og talde titals hus med skadar.

Foto: Alf Egil Olsen

Og ikkje før «Gyda» hadde reist sin veg kom nye farevarsel, denne gongen for vind. På det meste var det målt vindkast på 45,3 meter i sekundet på Veiholmen på Nordmøre.

Alf Egil Olsen bur passande nok på Været, heilt ute i havgapet på Veiholmen. Han er ikkje framand for sterk vind.

– Eg har jo senga mi på vêrveggen. Vi kjenner jo at veggen bevegar seg. Vi ligg og gynger i senga, ler Olsen.

Takplater har blese av hus på Veiholmen på Nordmøre etter kraftig vind

Ein del av taket har blåse av på dette huset ute på Nordmørsøya.

Foto: Alf Egil Olsen
Skader på hus på Veiholmen på Nordmøre etter kraftig vind

På eitt av nausta var det hol rett gjennom taket.

Foto: Alf Egil Olsen
Veggplater har blese av naust på Veiholmen på Nordmøre etter kraftig vind

På eit anna naust har vinden flerra platene av veggen.

Foto: Alf Egil Olsen
Skader på hustak på Veiholmen etter kraftig vind

Også her har det gått ut over taket.

Foto: Alf Egil Olsen

40 hus vart skada

Olsen er vaktmeister for ein del av feriehusa på øya der han bur. Då det lysna i dag talde han 40 bygningar som hadde fått merka orkanen.

Skadane varierer frå to-tre taksteinar som er flekka lause, til knuste vindauge og halve tak som er øydelagde.

– Ein som har ein bestefar her ute som er snekker, siterte han på at det er enkelte som gløymer at dei legg tak på Veiholmen.

Les også:

Mykje skadar etter «Gyda»

Etter ekstremvêret «Gyda» som herja tidlegare førre veke, renn det framleis inn med skademeldingar.

Tal frå Finans Noreg og Norsk Naturskadepool viser at det hittil er meldt om rundt 2000 skader. Forsikringsselskapet Gjensidige har anslått at vêret vil ende opp med å koste mange millionar kroner.

– Eit foreløpig anslag for kostnader, og det gjeld alle forsikringsselskapa i bransjen, er at dei etter kvart vil passere 100 millionar kroner, seier kommunikasjonssjef Line Marcelius.

Har vore heldige

Olsen fortel at på eit bygg ute på moloen bles det hol i veggen under uvêret søndag. Sjølv miste Olsen «berre» nokre meter med takrenner.

– Vi har snakka saman vi som bur der ute, og vi seier at vi har vore heldige. Ein del av gamlekarane her er godt vane med vêr, og dei seier vi skal vere takknemlege.

Skader på naust på Veiholmen etter kraftig vind

På eitt av nausta ute på Veiholmen var delar av veggen vekke etter dei sterke vindkasta.

Foto: Alf Egil Olsen