Hopp til innhold

Letta over at elva har trekt seg tilbake

Elva Surna på Nordmøre trua lenge med å sluke fleire av campingvognene på elvebreidda. Elva trekte seg tilbake, men fleire av vognene er truleg totalskadd etter uvêret.

Ei campingvogn ved Brekkøya camping i Surnadal har blitt flytta på som følge av vassmengdene i elva Surna etter flaum under ekstremvêret Gyda.

Ei campingvogn ved Brekkøya camping i Surnadal har blitt flytta på som følge av vassmengdene i elva Surna.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Torsdag såg campingplasseigar Gerald Grewe i Surnadal kommune at campingplassen blei lagt under vatn og at det var fare for fleire av campingvognene.

Elva Surna har forsynt seg godt av campingplassen.

Elva Surna har forsynt seg godt av campingplassen.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

Men i kveldstimane trekte elva seg tilbake.

– Å sjå at elva har gått tilbake så mykje, det er eit veldig godt teikn. Det er eg veldig glad for, seier Gerald Grewe til NRK seint torsdag.

Sjølv om det verste er over, så har det kome ein del skadar på campingplassen. Grewe trur fleire av vognene er totalskadd. Også delar av plattingar som høyrer til vognene er slite vekk.

– Vi får sjå i morgon korleis det ser ut, kor mykje skade det er. Så er det berre å brette opp ermene og rydde.

Etter at elva trekte seg tilbake, går det an å sjå kva skader "Gyda" har ført til på campingplassen.

Etter at elva Surna trekte seg tilbake, går det an å sjå kva skader «Gyda» har ført til på campingplassen.

Såg elva stige

Grewe driv campingplassen ved elvebreidda. Han følgde nøye med på korleis vatnet steig time for time torsdag.

Lenge var det uvisst korleis det ville gå med campingvognene som er parkert i området.

– Dersom dei flyt vekk, kan vi ikkje gjere noko med det. Vi må berre sjå på, sa han tidlegare på kvelden.

Kopier referanse Gerald Grewe, eigar av Surnadal camping. Bildet tatt under ekstremvêret Gyda.

Campingplasseigar Gerald Grewe seier han og kona vil bytte på å sove natt til torsdag. Dei hadde reidd opp senger på golvet i nabobygget, etter at det blei for utrygt heime.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

Sjølv flytta han heimanfrå torsdag ettermiddag med familien. Dei torde ikkje lenger bu heime då vatnet nådde bordkledninga på huset.

Campingplass i Surndadal

Campingplassen i Surnadal ligg utsett til på elvebreidda. Han som driv plassen, forlét heimen og flytta inn i restauranten til venstre i bildet torsdag.

Foto: privat / NRK

Krisestab i kommunen

Kommuneleiinga i Surnadal har sett krisestab på grunn av vassmengdene i elva Surna, som går gjennom det flate dalføret.

Torsdag ettermiddag blei over 300 sauer berga unna vassmengdene.

Evakuerer sauer frå gard i Surnadal pga Gyda

Tidlegare i dag måtte over 300 sauer evakuerast.

Foto: Elisabeth Mo

Ordførar Margrethe Svinvik fortel at ho aldri har sett så mykje vatn i elva før.

– Det er ekstremt mykje vatn. Det var meldt, men det har kome meir enn forventa. Det er overfløymingar og sperra vegar som er utfordringa.

Dette er resultatet av den atmosfæriske elva som no herjar med Vest- og Nord-Noreg.

– Viktig å passe seg nær elvar

Sjølv om ekstremvêret «Gyda» har roa seg, er ikkje faren over. Det seier Brigt Samdal, direktør i skred- og vassdragsavdelinga i NVE.

Solnørelva

FORSIKTIG: Brigt Samdal i NVE ber folk om å vere forsiktige nær elvebreidder.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Vi er veldig glad for at det har blitt kjøligare vêr og at nedbøren no kjem som snø. I natt nådde vi dei høgaste nivåa på vassdraga, men det er framleis mykje vatn som skal tømmast framover, fortel han.

Samdal seier vidare at konsekvensen av dette er at kommunane framleis må følge med på flaumsituasjonen.

– Når elvane tømmer seg vil det vere mykje lausmassar som har blitt grave ut i sidekantar og det kan vere lause kantar på vassdraga. Sidekantane i elvane kan også vere ustabile. Det er viktig at ein er forsiktig når ein nærmar seg elvekantar slik at det ikkje oppstår uheldige situasjonar der ein kan hamne i elva. Det er heller ikkje stabilt endå i terrenget, seier han.

Det er også venta meir nedbør til helga, vektlegg Samdal.

Skal kartlegge skader

Margrethe Svinvik, ordførar i Surnadal, seier dei ventar på at det skal lysne for å sjå kva skader vatnet frå Surna har ført til.

Ordfører i Surnadal Margrethe Svinvik (Sp) om ekstremvêret Gyda.

Ordførar i Surnadal Margrethe Svinvik er overraska over kor stor elva Surna blei.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Då kan vi sjå kva skader som har kome på bygningar, vegar og jordbruksareal. Det er mange som framleis manglar vatn og det har vore enkelte straumutfall. I tillegg er skular og barnehagar delvis stengt. Så «Gyda» har fått mange konsekvensar, seier ordføraren til NRK fredag morgon.

Elva Surna gjekk utover sine breidder torsdag.

– Det var overraskande. Prognosane sa at elva skulle vere 300 kubikk i sekundet, i staden blei ho 600 kubikk. Så vi var ikkje førebudd på at heile dalen ville bli oversumt, seier Svinvik.

No skal kommunen prøve å få oversikt over skadeomfanget, hjelpe dei som har fått vatn i kjellarane sine og reparere røyrbrot og vegar.

Deler av kommunen sperra inne

Svinvik fortel at fylkesvegen er stengt på begge sider oppover dalen. Vegen nordover mot Trøndelag er også stengd, så ein del av kommunen er sperra inne.

– Eg vil skryte av at alle saman steller seg roleg, og eg trur folk har gjort så godt dei kunne med å førebu seg på dette. Vi har kontroll på det vi kan ha kontroll på, sa Svinvik til NRK torsdag.

Ventar meir vatn

NVE ventar at vasstanden i elver og vassdrag fleire stader vil auke utover natta. Det er venta flaum og jordskred i etterdønningane av ekstremvêret«Gyda».

– Flaumane heng litt etter. Flaumtoppen kan komme natt til fredag, seier regionsjef i NVE, Terje Thuset.

Bil i elva Surna under ekstremvêret Gyda

Det er høg vassføring i elva, som har gått langt over sine breidder.

Foto: Gerald Grewe

Sov på skift

Campingplasseigar Gerald Grewe og familien flytta inn i restaurantbygget på campingplassen for å kome seg unna vassmassane. Dei veksla på å sove i natt.

– Vi kjenner oss ikkje trygge, for også dette bygget ligg utsett til på elvebreidda. Vi har halvannan meter ekstra her enn i huset, så det er tryggande. Vi har eitt auge ope i natt og ein skal vere på vakt uansett, seier han til NRK torsdag kveld.

LES OGSÅ: