Hopp til innhold

Kristiansund kommune går til rettssak mot staten

Striden om plassering av nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal kan hamne i retten. Bystyret i Kristiansund gjekk i dag samrøystes inn for å gå til rettssak mot staten.

Striden om plassering av nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal kan hamne i retten. Bystyret i Kristiansund gjekk i dag samrøystes inn for å gå til rettssak mot staten.

Bystyret i Kristiansund gjekk einstemmig for ei rettssak mot staten i saka om sjukehusstriden.

Politikarane stemde over eit forslag om å gå til sak mot staten ved Helse Midt-Norge. Bakgrunnen er at dei meiner det har skjedd fleire saksbehandlingsfeil i prosessen, og at fleire av dei som har behandla saka har vore innhabile.

Det har i fleire år vore harde frontar mellom Molde og Kristiansund i spørsmålet om kvar det nye sjukehuset skal ligge. Tidlegare i år avgjorde helseministeren at det nye sjukehuset skal byggast på Hjelset i Molde.

Avgjerda har tidlegare vore behandla i Kontroll- og konstitusjonskomiteen i Stortinget, og fleirtalet kom med kritikk mot helseministeren.

Samrøystes vedtak

Alle partia i bystyret i Kristiansund talte under bystyremøtet for ei rettssak mot staten i saka rundt sjukehusstriden. Dei gjekk for eit einstemming vedtak, og dei meiner at prosessen ikkje har legitimitet.

– No opptrer bystyret som ombod for folket, seier Bjarne Elde (Ap).

– Det bør ikkje vera tillate med krumspring og maktmisbruk, og denne saka er ei lærebok i korleis det ikkje skal gjerast, seier han.

Har utkast til stemning

Fungerande ordførar i Kristiansund, Kjell Neergaard, har tidlegare opplyst at kostnadene med ein rettsprosess er vanskelege å vite, men reknar med at det kan bli mellom 1 og 20 millionar kroner.

På oppdrag frå Kristiansund kommune har advokat Vidar Strømme utarbeidd eit utkast til stemning av staten.

Utkastet til stemninga kan du lese her:
Utkast til stemning ved advokat Vidar Strømme datert mars 15

Samrøystes for rettssak

Under bystyremøtet gjekk parti etter parti på talarstolen og la fram at dei vil ha ei rettssak mot staten.

Først gjekk først både Arbeidarpartiet, Høgre og Framstegspartiet for ei rettssak, og Senterpartiet og Raudt støtta dei andre partia i dette.

Etter kvart kom det fram at både Raudt og Framstegspartiet vil forlate fellessjukehussaka, og vil gå for å arbeide for sjukehus i både Kristiansund og Molde. Dei to partia går for rettssak i prosessen.

Både Sosialistisk Venstreparti, Venstre, og Kristeleg folkeparti gjekk også for rettssak.

– Dette er ei stygg og uetisk sak, sa Bernhard Lillevik (KrF) under bystyremøtet.