Hopp til innhold

Avgjer søksmål mot staten i morgon

Tysdag vurderer bystyret i Kristiansund om kommunen skal gå til søksmål mot staten i sjukehussaka. Les utkastet til stemning her.

Varaordfører Kjell Neergaard

Vil gå til sak: Fungerande ordførar i Kristiansund, Kjell Neergaard (Ap).

Foto: Anne Mari Flatset / NRK

Ordførar Kjell Neergaard instiller på at kommunen går til søksmål mot staten for prosessen knytt til tomteplassering for nytt sjukehus i Nordmøre og Romsdal. Målet er å få vedtaket frå Helse Midt-Noreg frå desember i fjor kjent ugyldig.

Ordføraren meiner det er grunnlag for å gå til søksmål sjølv om behandlinga av saka i Kontroll- og konstitusjonskomiteen ikkje førte til mistillitsforslag mot helseminister Bent Høie (H). Neergaard viser til at eit fleirtal av komitemedlemmene meinte at prinsippa for saksbehandling etter helseforetakslova, forvaltningslova og offentligheitslova ikkje blei følgde. Dermed bør det prøvast rettsleg om brota kan ha betydd noko for utfallet av saka, heiter det i saksframlegget.

Ordføraren skriv også at kostnadene med ein rettsprosess er vanskelege å vite, men reknar med at det kan bli mellom 1 og 20 millionar kroner.

På oppdrag frå Kristiansund kommune har advokat Vidar Strømme utarbeidd eit utkast til stemning av staten.

Du kan lese heile dokumentet her (pdf):
Utkast til stevning ved advokat Vidar Strømme datert mars 15

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL