Hopp til innhold

– Bøndene er utolmodige framfor jordbruksoppgjeret

Bøndene krev at tal og statistikkar før årets jordbruksoppgjer blir retta opp. Dei meiner at dagens tal er feil og at begge partane manglar eit korrekt utgangspunkt når lønna til bøndene skal fastsetjast.

Bondeprotest - landbruksoppgjeret 2024. utanfor Scandic Parken i Ålesund

Bøndene krev nytt talgrunnlag før jordbruksoppgjeret. I helga aksjonerte bøndene i Ålesund.

Foto: Terje Reite / NRK

Utanfor eit av sentrumshotella i Ålesund køyrde traktorane opp framfor inngangen og parkerte på kvar si side av den tronge Storgata. På dei høgt heva frontlastarane var det festa banner med slagorda «Jamstilling» og «Nytt talgrunnlag no».

Det er ikkje tilfeldig at dette kjem opp no. I april skal bondeorganisasjonane levere krava sine for årets jordbruksoppgjer. Og no er organisasjonane midt i førebuingane sine.

Dermed er oppkøyringa til jordbruksoppgjeret i full gang.

– Vi vil vise kor utolmodige vi er. Regjeringa må få på plass eit nytt og riktig talgrunnlag før jordbruksforhandlingane tek til, seier aksjonsleiar Kjersti Ellingsgård. Ho står utanfor Scandic Parken hotell og ventar på Sp-leiar og finansminister Trygve Slagsvold Vedum.

Bondeprotest landbruksoppgjeret 2024 - Ålesund

Også representantar for den framtidige jordbruksnæringa deltok i markeringa i Ålesund.

Foto: Terje Reite / NRK

– Må ha riktig talgrunnlag

I forkant av både lønnsoppgjer og jordbruksoppgjer er det vanleg å ta utgangspunkt i eit felles talgrunnlag. I forkant av lønnsoppgjer brukar Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera (TBU) å levere ein rapport. I denne rapporten ligg det også ei tilråding om kor høg årslønnsveksten bør vere.

For jordbruksoppgjeret er det Budsjettnemnda for jordbruket som kjem med ein tilsvarande rapport. I 2022 kom eit utval, Grytten-utvalet, med forslag til endringar i måten Budsjettnemnda set opp talgrunnlaget. Og det er desse tala og statistikkane bøndene ventar utolmodig på no.

– Både partia som danna Solbergregjeringa og partia i Støreregjeringa er eigentleg samde om at talgrunnlaget som gjeld no ikkje viser dei reelle inntektene og utgiftene våre. Det noverande talgrunnlaget er feil. Det har vore mange rundar om dette og vi ventar framleis, seier ho.

Kjersti Ellingsgård - bondeaksjon i Ålesund 2024

Kjersti Ellingsgård leia aksjonen i Ålesund.

Foto: Terje Reite / NRK

Les også Her blir Vedum møtt av sinte bønder

Stian Tufte og Sp-leder Trygve Slagsvold Vedum.

Les også 30 traktorer utenfor flyplassen – ventet forgjeves på Støre

Mange traktorer står på rekke og rad utenfor Røros lufthavn.

Vedum lovar nye tal

Straks bøndene hadde fått rigga til traktorane med banner og slagord kom ei drosje og parkerte like ved. Og ut av drosja kom han alle venta på. Nemleg Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum. Han er også finansminister i Noreg.

Han representerer Senterpartiet, eit parti med djupe røter i norsk landbruk. Så på ein måte kom han til sine eigne.

– Dette er triveleg og dette er eit positivt engasjement for den unike matproduksjonen vi har i Noreg, opna Vedum med.

Men det dei krev er eit nytt talgrunnlag som viser reelle inntekter og kostnader?

– Ja, det er jo det som står i regjeringsplattforma også. Vi også ønskjer eit betre talgrunnlag som reflekterer utfordringane i landbruket. Dette legg vi fram i vår. Men det er klart, slike tal blir det alltid diskusjon rundt, seier Vedum.

Trygve Slagsvold Vedum saman med bondeaksjonist Kjersti Ellingsgård

Sp-leiar og finansminister Trygve Slagsvold Vedum lova eit nytt talgrunnlag for årets jordbruksoppgjer.

Foto: Terje Reite / NRK

Landsomfattande aksjonar

Aksjonar som dette har vore fleire stader i Noreg. Også på Hell i Trøndelag blei Trygve Slagsvold Vedum møtt av utolmodige bønder. I slutten av februar møtte fleire bønder opp ved flyplassen på Røros då statsminister Jonas Gahr Støre skulle kome til byen. Også der var kravet ei anstendig inntekt og at partane må ta utgangspunkt i riktig talgrunnlag.

I Surnadal køyrde bøndene i kortesje med akkurat dei same krava.

I Surnadal aksjonerte bønder for betre talgrunnlag i forkant av jordbruksoppgjeret 2024.

I Surnadal aksjonerte bønder for betre talgrunnlag i forkant av jordbruksoppgjeret 2024.

Aksjonsleiaren i Ålesund sentrum presiserer at denne gongen må riktige tal leggast til grunn for jordbruksforhandlingane.

– Ja, dette må på plass før jordbruksforhandlingane. Skal lønsutviklinga vår kunne samanliknast med andre grupper må dei rette tala vere på plass, seier Kjersti Ellingsgård.

Ho meiner nye og riktige tal vil vise at bøndene ikkje har fått følgje med i den økonomiske utviklinga som har vore elles i samfunnet.

– Vi har ein del å ta igjen, seier ho til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL