Hopp til innhold

Ankar dommen i sjukehussaka

Eit fleirtal i bystyret i Kristiansund vedtok tysdag kveld at dei ankar dommen i sjukehusrettssaka.

Bystyre Kristiansund 060916

Med 28 mot 17 stemmer vedtok eit fleirtal i Kristiansund bystyret å anke dommen i sjukehusrettssaka.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Med 28 mot 17 stemmer har Kristiansund bystyre vedtatt å anke dommen i sjukehusrettssaka. Det blei klart etter ei avstemming i bystyremøtet tysdag kveld.

Ordførar i Kristiansund, Kjell Neergaard, hadde venta at det ville bli stor usemje blant politikarane når saka skulle opp i bystyret tysdag, noko han hadde rett i. Behandlinga av saka tok lang tid og fekk stor plass i kveldens bystyremøtet.

Då Kristiansund kommune stemte for å gå til sak mot helseføretaket blei det vedtatt av eit samrøystes bystyre. I dag var det derimot eit splitta bystyre som til slutt stemte for å anke dommen frå Inntrøndelag tingrett.

– Det hadde sjølvsagt vore ein styrke å ha eit samrøystes bystyre bak seg. Eg stemte sjølv mot forslaget, men det er fleirtalet som rår og det var eit stort fleirtal som stemte for å anke. Og då skal vi sjølvsagt gjere den jobben så godt som mogleg, seier Neergaard.

– Vi må spisse saka

Kristiansund kommune meinte det hadde blitt gjort lovbrot i prosessen med plasseringa av det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal og gjekk til sak mot Helse Midt-Norge.

Kjell Neergaard

Ordførar i Kristiansund, Kjell Neergaard, stemte mot anke, men vil følgje fleirtalet i bystyret.

Foto: Anne Mari Flatset / NRK

Kommunen kravde å få vedtaket om å plassere det nye sjukehuset på Hjelset i Molde annullert. I slutten av mai møttest dei to partane i Inntrøndelag tingrett og i slutten av juni kom dommen som frikjende Helse Midt-Norge på alle punkt.

Kristiansund-ordføraren sat sjølv i retten under saka i tingretten, og meinte då at kommunen hadde ei god sak. Han trur dei no må spisse fokuset før ankesaka i lagmannsretten. Kommunen skal også hente inn ekstern juridisk kompetanse.

– I førre runde dreiv vi med nålestikk og pirka litt her og der. No må vi spisse saka og fokusere på ein del av prosessen i staden for å famne over alt, seier Neergaard.

Han føler at saka har skapt stor splitting både blant politikarane og innbyggarane i kommunen. Neergaard meiner det difor er viktig at kommunen vel eit fokus før anken skal opp.

– Det er veldig mange andre saker som blir blanda inn i denne saka. Vi må ha fokus på kva vi faktisk ankar på, og det er prosessen med tomteplasseringa for det nye fellessjukehuset, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL