Hopp til innhold

Helseplattforma: – Det har gått betre enn venta

Helsepersonell var svært skeptiske til å ta i bruk det omstridde journalsystemet i Møre og Romsdal. Sjukepleiarane opplever at det har gått overraskande bra.

Helse Møre og Romsdal har tatt i bruk journalsystemet Helseplattforma.

Her er kontrollsenteret for Helseplattforma ved sjukehuset i Ålesund. Alle fire sjukehus har ekstra helsepersonell og datahjelp under innføringa.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Natt til laurdag 27. april blei Helseplattforma innført på dei fire sjukehusa i Møre og Romsdal. Journalsystemet har hatt fleire alvorlege feil og manglar ved St.Olavs hospital og mange har difor vore bekymra.

– Sjølve innføringa har gått betre enn venta og det har vore færre problem enn venta, seier Kjetil Bjørdal. Han er hovudtillitsvald for sjukepleiarane ved sjukehuset i Ålesund.

Bjørdal meiner at god kursing og mykje trening på førehand har vore nøkkelen.

Likevel er det mange som opplever at Helseplattforma er meir tungvint å bruke enn det gamle systemet.

Kjetil Bjørdal er hovedtillitsvald for Norsk sjukepleiarforbund ved Ålesund sjukehus

Kjetil Bjørdal seier at dei hadde venta at det skulle vere fleire feil i systemet enn det har vore.

Foto: Kristin Henriksen / NSF

Uvurderleg ekstrahjelp

I oppstartsvekene er det sett inn store ekstraressursar som skal hjelpe til. Dette er både helsepersonell frå St.Olavs, eigne superbrukarar som har ekstra opplæring og datapersonell frå leverandøren. I tillegg er det lågare aktivitet på sjukehuset enn vanleg.

Bjørdal seier at hjelpa dei får er uvurderleg, og han er spent på korleis det blir framover når dei sjukehustilsette skal klare seg sjølv og det blir normal drift att.

– Bekymringa framover er om Helseplattforma framleis vil ta lenger tid enn dei gamle systema, og korleis det vil påverke sommaravviklinga når det er marginalt bemanna, seier Bjørdal.

Les også Helseplattforma blir innført om få dagar: – Vi er skremde

Legeforeningen mot ROS analyse Helseplattformen Igor Jokic foran akuttmottaket på Ålesund sjukehus

Overraskande bra

Steinar Malones, som er hovudtillitsvald for sjukepleiarane ved sjukehuset i Molde, seier at det er positiv stemning blant yrkesgruppa.

– Så langt har det gått overraskande bra for dei aller fleste seksjonane, for det meste, seier Malones.

Ved ein av sengepostane har det vore større tekniske utfordringar, som det blir jobba med å rette. Ved ein annan sengepost har utfordringa vore stort arbeidspress og sjukmeldingar.

Komplekst for legane

Det er legane som har vore aller mest skeptiske til innføringa av det nye journalsystemet og dei har både demonstrert og sendt inn bekymringsmeldingar for å utsette Helseplattforma.

Legane må bruke fleire funksjonar i systemet og difor er det meir komplekst enn hos dei andre yrkesgruppene.

Hovudtillitsvald for overlegeforeininga ved sjukehuset i Ålesund, Maud-Kristine Ljoså, seier at ho får tilbakemeldingar om at systemet er tidkrevjande, men at det går rundt fordi aktiviteten er betydeleg redusert og legane har færre pasientar enn vanleg.

– Vi strevar med å finne ut korleis vi skal gjere ting i det nye systemet, seier Ljoså.

Maud-Kristine Aga Ljoså

Maud-Kristine Ljoså seier at tidsbruken er det mest utfordrande med det nye journalsystemet.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Ho trur legane skal klare å få opp tempoet på poliklinikkane når dei har fått meir tid til å trene, men ho fryktar at det er større problem på medisinske avdelingar. Blant anna er det utfordringar med legemiddelhandtering, som sikrar at pasienten får riktige medisinar både ved innlegging og utskriving.

Korleis ser du for deg framtida med Helseplattforma?

– Vi må ha trua på at dette skal bli betre etter kvart, seier Ljoså.

Utfordring med tilvisingar

Sjukehusdirektør Olav Lødemel er også nøgd med veka som har gått og seier at det går riktig veg. Feil som har blitt oppdaga blir raskt løyst. Dei største utfordringane har vore interne arbeidsprosessar som gjeld tilvisingar. For dei merkantile tilsette betyr det høgt arbeidspress.

– Dei har vore vande med å ha kontroll, og per no er det mange som ikkje føler at dei har det. Dette er noko vi må anerkjenne og adressere. Derfor har arbeid med arbeidsflytar høg prioritet og er eit område vi følger tett med på frå dag til dag, seier Lødemel i ei pressemelding.

Olav Lødemel direktør i Helse Møre og Romsdal

Olav Lødemel er direktør i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Remi Sagen / NRK