Hopp til innhold

– Vi har knytt livslange vennskap

Passasjerane som er evakuerte frå hurtigruta går no frå butikk til butikk i Ålesund for å kjøpe seg kle og andre varer dei treng. Alle har sterke historier å fortelje den dramatiske dagen.

Ruth Myhre stammar frå Noreg. Til dagleg bur ho i California. Alt ho hadde med seg til Noreg, med unnatak av det ho står og går i, ligg att på hurtigruta. Det meste av kle er nok tapt for alltid. Forsvinn skipet i djupet er alt tapt. No kjøper ho seg kle, undertøy, såpe, tannkrem og tannbørste.

Ruth Myhre

Ruth Myhre er norskamerikanar og bur i California.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

No har eg funne meg ei jakke

og nokre varer eg treng, fortel norskamerikanaren Ruth Myhre.

– Du måtte legge alt på skipet?

– Ja, alt. Med unnatak av det eg har på meg, seier Myhre.

Video Følg redningsarbeidet fra Ålesund direkte

Følg redningsarbeidet frå Ålesund direkte

– Ålesund er ein vakker by

Dei hadde sett for seg at dei skulle få sjå Ålesund berre nokre få timar. No har dei vore i Sunnmørsbyen i halvanna døgn. Mary Lou Kern er også på byen for å skaffe seg kle og andre varer ho treng.

Erna Hjelle

Erna Hjelle er frivillig i Røde Kors, og hjelper nå passasjerane som er evakuert frå hurtigruteskipet Nordlys.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

– Dette har vore ei lang natt. Det var vanskeleg å få sove. Men det vart bra, og vi er heldige som får vere i ein slik vakker by, seier Mary Lou Kern.

– Vi har fått mange nye vener

Medan vi pratar med Mary Lou Kern må ho berre ta til tårene. Ho tenkjer på dei nye venene ho har fått det siste døgnet. Ho føler seg også velsigna over at det som kunne bli svært dramatisk fekk ein lukkeleg ende for henne.

– Gjennom alt dette har mange av oss blitt nære vener. Vi utvekslar adresser, e-postadresser og telefonnummer. Eg er sikker på at vi har fått nokre livslange venskap, seier Mary Lou Kern, medan tårene pressar seg fram.

– Korleis har hjelpa fungert for dykk?

– Dei har ikkje gjort for mykje for oss. Vi har fått nydeleg mat, men vi har enno ikkje fått noko av dei personlege eigedelane. Mannen min seier han treng å få barbert seg. Heldigvis fekk vi med oss pengane og kredittkorta ut av skipet før vi måtte forlate det. No skal vi ut og kjøpe slikt vi treng, seier Kern.

Video Helikoptervideo 2 av Nordlys

Sjå video teke frå helikopter i Ålesund

– Mykje må løysast når vi kjem heim

Dei som måtte forlate alt på skipet står overfor mange praktiske problem. Det første som må løysast, er å få tak i nye pass.

Dei fleste av dei som var om bord har ingen ting. Guiden vår prøver å få kontakt med ambassaden, og forsøkjer å skaffe oss pass.

Men de står over for nokre praktiske problem?

– Ja, det gjer vi verkeleg. Vi manglar husnøklane våre. Vi har ikkje opnaren til garasjen vår. Nøkkelen til safen er inne i skipet. Vi må nok få tak i ein låsesmed når vi kjem heim til huset vårt, seier Kern.

– Har de fått ringt heim?

– Nei, så langt har vi ikkje hatt nokon telefon tilgjengeleg. Men vi har sendt e-post til den eine dottera vår. Og ho sender den vidare. Dei som er heime veit at vi er trygge no. Vi har forklart at dei skal få meir informasjon seier, seier ho.

Video Helikoptervideo 1 av Nordlys

Sjå video frå Ålesund. Videoen er filma frå helikopter.

– Har drøymt om Noreg heile livet

Turen til Noreg vart noko anna enn det ho har drøymt om heile livet. Noreg har stått som ein draum for Mary Lou Kern frå ho var lita jente.

– Vi har vore pensjonistar i fleire år no. Men denne turen har eg drøymt om heile livet. Eg har drøymt om dette heilt sidan eg var ei lita jente. Eg ville sjå fjordane.

Har du ikkje vore redd då?

– Eg er så glad for at dette skjedde inne i smult farvatn. Natta før dette skjedde segla vi ute på det opne havet. Eg føler meg velsigna over at dette skjedde så nær inne ved hamna, seier Mary Lou Kern.

Frivillige hjelper passasjerane

Frivillige i Ålesund stiller no opp for å hjelpe passasjerane til å finne dei rette butikkane, og å hjelpe dei i å finne fram i jungelen av tilbod. Erna Hjelle er medlem i Norges Røde Kors, og er aktiv i omsorgsarbeidet som organisasjonen driv.

– Her hjelper vi amerikanarar. franskmenn, tyskarar og svenskar og mange nordmenn også. Når det skjer noko dramatisk, då rykkjer vi i hjelpekorpset ut. Eg vart kalla ut i går, og har hjelpt til både på hotellet der passasjerane bur, og hjelper dei når dei må ut og kjøpe seg noko, fortel Erna Hjelle.

– Korleis hjelper du dei?

– Den primære oppgåva mi er å snakke med folk, og å vere eit medmenneske for dei. Dei er jo klar over situasjonen og dei veit at dei er heldige, trass alt, seier Hjelle.

Det går kanskje opp for dei etter kvart no?

– No har det gått opp for dei at dei har vore svært heldige. Dei er også veldig takknemlege overfor reiarlaget, for betjeninga på hotellet, Røde Kors, politiet og så vidare. Dei tykkjer at dei får ei oppfølging som er super, seier Erna Hjelle.