Hopp til innhold

- Vant til å sjå den i full fart

Hurtigruta ligg mørk med berre nokre lys på sidene. Ved Skansekaia sit Camilla Samsing og trekk pusten etter ein hektisk dag på jobb ved gatekjøkkenet Stuen, som er no blitt næraste nabo til eit område mange no rettar si merksemd mot.

Camilla Samsing
Foto: Anne Bente Skjellum / NRK

Fleire skuelystne har i løpet av natta og dagen teke turen til Ålesund for å sjå på det som no skjer med hurtigruta Nordlys. For Camilla Samsing blir det heile noko å sjå på når ho tek seg ei pause frå mange timars jobbing ved gatekjøkkenet Stuen.

– Det er jo ganske forferdeleg heile greia. Det søkk inn litt og litt, og det er ganske tungt, fortel Samsing.

Kalla inn på jobb

Camilla fekk med seg ulukka då ho fekk ei melding med spørsmål om ho kom seg på skule, sidan delar av Ålesund sentrum var stengt av. Like etter vart ho innkalla av jobben. Det hadde byrja å bli hektisk med sal av mat og drikke på gatekjøkkenet.

– Det har vore ein veldig merkeleg dag og ei merkeleg natt på jobb. Det er jo ei veldig spesiell oppleving heile greia.

Kiosken har ikkje vore open, men blitt stilt disponibel for politiet og andre som har vore på arbeid i natt.

– Dei har fått kome inn og fått sat seg litt i varmen, fått seg ein kaffi og kanskje ei pølse. Dei har jo vore på jobb i ganske mange timar mange av dei, fortel Samsing.

– Merkeleg å sjå den slik

Då vår reporter møtte Camilla Samsing litt over sju i dag tidleg hadde ho teke seg ei pause frå arbeidet. Utanfor gatekjøkkenet sit ho på ein stol og ser på hurtigruta som krenga rundt 20 grander ut mot sjøen, medan pumpene går for fult i bakgrunnen.

Hurtigruta Nordlys

Noko av utsikta frå gatekjøkkenet Stuen ved Skansekaia i Ålesund.

Foto: Kristian Elster / NRK

Du jobbar jo her og ser hurtigruter kome og gå, det er vel litt spesielt å sjå den ligge slik?

– Det er det, så klart. Vi har dagleg folk innom her på Stuen som lurer på kva tid hurtigruta går og kvar dei kan setje seg for å sjå den. Så det er merkeleg å sjå den slik, ja, seier Samsing.

Lang dag

I morgontimane i dag hadde Samsing vore på jobb litt lenger enn vanleg, men likevel er ho ikkje sikker på kva tid ho får blund på auga.

– Eg har vore på jobb i snart 13 timar, så det er snart på tide å kome seg heim å sove litt snart. Men det kjem nok til å drøye litt etter eg har stempla ut, før eg kjem meg heim, det gjer det, fortel Samsing.

Nordlys

Hurtigruta Nordlys krenga rundt 20 grader i morgontimane fredag.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / Scanpix