Hopp til innhold

Mange forslag til hurtigruteberging

Mange engasjerer seg i redningsaksjonen rundt hurtigruta Nordlys som krengar kritisk mykje ved kai i Ålesund. Blant anna både NRK og politiet får stadig inn nye forslag til korleis skipet kan stabiliserast.

Hurtigruten Nordlys

Innbyggjarane både i Ålesund og elles i fylket og landet har engasjert seg sterkt i redningsaksjonen rundt Hurtigruta.

Foto: Per Sindre Welle

Enkelte sender mail for å fortelje om sine forslag, medan andre ringjer for å engasjert fortelje om sine forslag.

Korleis meiner DU at hurtigruta Nordlys kan reddast? Skriv ditt forslag i kommentarfeltet under artikkelen.

Video Følg redningsarbeidet fra Ålesund direkte

Følg redningsarbeidet fra Ålesund direkte

Politiet vert ringt ned

Operasjonsleiar Johan Arnt Overøye i Sunnmøre politidistrikt kan bekrefte at det har kome inn mange idear.

– Her har blant anna kome inn forslag om å fylle livbåtane på andre sida av skipet med vatn, og feste vaierar på skipet.

Telefonane byrja å kome inn til politiet i natt, og har haldt fram utover dagen i dag.

Johan Arnt Overøye

Operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt, Johan Arnt Overøye. (Foto: arkiv)

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK

– Det har vore veldig stor pågang! Noko som har vore veldig tid- og ressurskrevjande for dei som har vore på jobb, fortel Overøye.

Operasjonsleiaren fortel vidare at politiet i Ålesund konsekvent har avvist alle forslag.

– Årsaka til det er vi har proffe redningsmannskap på staden som tar rette val.

Video Helikoptervideo 1 av Nordlys

Her ser du fleire videobilete av hurtigruta.

Video Helikoptervideo 2 av Nordlys

Sjå video av dramaet. Hurtigruta er filma frå helikopter.

– Bruk jutesekkar!

Her er nokre av ideeane som har kome inn til NRK:

  • Vil det vere muleg å bruke Supply skip t å buksere, eventuelt vinsje skipet i sikker stilling under rednings arbeidet?
  • 1. Forsøk å dykke ned og dra ei stor tunnellmatte over holet. Den vil suge seg fast og tette skaden mellombels.

    2. Få inn ein snurpar. Dei har enorm pumpekapasitet!
  • Ver snill å be redningsmannskapet / dykkarar bruke jutesekkar til å tette lekkasjen med frå utsida av skroget.
  • Gi tips om å rekvirere store lekter, eller anna skip/lekter som må leggjast inn til babord side. Må kunne halde oppe Nordlys til den er tett og pumpa.
  • Bruk ei kran!

Det siste forslaget er ei løysing som det ser ut til at reiarlaget, brannvesen og politi òg syntest var ei klok løysing. Ein kranbåt skal no vere på plass ved kaia i Ålesund. Så er det berre å avvente å sjå korleis det arbeidet går.

Kranbåt i Ålesund

Kranbåt ved kaia i Ålesund.

Foto: Kristian Elster / NRK