Hopp til innhold

– Vindmøller må bli meir lønnsame for lokalsamfunna

Vindmøller produserer elektrisk kraft i ei rekkje lokalsamfunn langs norskekysten. Men vindkraftkommunane meiner at for mykje av inntektene hamnar hos staten og dei store energiselskapa.

Vindmølle

Dette er vindmølleparken på Smøla. Ein gong var dette den største landbaserte vindmølleparken i Europa.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Skattlegginga av vindkraft er den viktigaste saka som Landssamanslutninga for norske vindkraftkommunar arbeider med. Organisasjonen vil innføre ein naturressursskatt og ei konsesjonsavgift som vertskommunane skal få ein vesentleg del av.

Målet til organisasjonen er å få til ei skattlegging som liknar på den som gjeld for vasskraft.

Iver Nordseth

Iver Nordseth er styreleiar i Landssamanslutninga for norske vindkommunar.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK
Oskar Grimstad

Stortingsrepresentant Oskar Grimstad (FrP).

Foto: Torild Øvrelid / NRK

Det er på tide og det er rett og rimeleg at lokalsamfunn og kommunar som stiller areal til disposisjon for storsamfunnet i samband med energiproduksjon får ein rimeleg del av verdiskapinga frå denne typen kraftproduksjon, seier styreleiar Ivar Nordseth.

Nordseth er frå Smøla, ein av 49 kommunar som er medlemer i Landssamanslutninga for norske vindkommunar. Vindparken i Smøla blei opna av Kong Harald 5. september 2002, og er seinare utvida. Vindparken består av 68 vindmøller. Då denne vidparken opna var dette det største landbaserte vindkraftverket i Europa. Etter kvart er det bygt ei rekkje større anlegg.

I dag finst det lover som sikrar vasskraftkommunar økonomiske fordelar gjennom naturressursskattar. Ifølgje dette lovverket får vertskommunane prosentvis forteneste ut frå kor mykje kraft som blir produsert. Det finst ikkje tilsvarande skatteordningar for vindkraftproduksjonen.

Ein naturressursskatt for vindkraft, på linje med vasskraft, er eit første steg. Dette vil berre innebere ei omfordeling av skatten mellom stat og kommune. Det inneber ikkje noko skatteskjerping for utbyggarane, seier Nordseth. I tillegg vil vi ha ei utgreiing om skatte- og konsesjonsmessinge rammevilkår.

Vindkraftorganisasjonen får ikkje umiddelbar støtte for kravet, som dei har fremja i ei årrekkje.

Eg forstår godt at vindkraftkommunane vil ha litt tilbake. Men dei er ikkje åleine om dette. Grunneigarane vil ha meir, og Staten skal ha skatt når anlegga går med overskot. Vi ser alt i dag at det blir gitt ei rekkje konsesjonar, men at ingen av desse anlegga kjem i drift, seier stortingsrepresentant Oskar Grimstad (Frp).

– Men ønskjer ikkje Framstegspartiet at verdiane skal førast tilbake dit verdiane blir skapte?

– Jau, det vil vi. Den dagen selskapa går med overskot skal deler av selskapsskatten tilkalle kommunane som har lagt til rette for denne typen næringsverksemd. Dette skal også gjelde for vindkraft, seier Grimstad.