Hopp til innhold

Smøla og Aure har fått bygdemidlar: Skrik etter nye tilsette

Smøla treng 40-50 nye arbeidarar. No har dei i samarbeid med nabokommunen Aure sikra seg to millionar kroner for å gjere seg attraktive.

Hanne Rokstad ved Innsmøla barnehage på Smøla saman med Jenny, Ole Even og Konstanse

Det er stort behov for både fast tilsette og vikarar ved barnehagane i Smøla og Aure.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Det er lesestund og barna på Innsmøla barnehage kryp opp i fanget til Hanne Rokstad.

I barnehagane er det stor mangel på tilsette og vikarar. Dei har konstant utlyst jobbannonsar. Det same gjeld på skulane og i helsevesenet på Smøla.

– Vi har arbeidsplassane, men manglar tilsette, seier ordførar Svein Roksvåg (Sp).

Han trur det finst 40-50 ledige jobbar i Smøla, inkludert det næringslivet kan tilby.

Fekk to millionar frå regjeringa

Kommunen langt ut i havgapet skal no jobbe for å få fleire til å busette seg her.

– Vi er ein næringskommune, men vi må ha fleire til å busette seg her dersom vi skal utvikle oss, seier Roksvåg.

I dag fekk Smøla to millionar kroner frå regjeringa saman med nabokommunen Aure gjennom bygdevekstavtalen. Seinare kan dei søke om ytterlegare fire millionar kroner. Pengane skal brukast til bygdevekst.

– No kan vi sette oss ned og bruke tid og pengar for å sjå på løysingar for at folk skal bu her, seier Roksvåg.

Ordførar Hanne-Berit Brekken i Aure og Svein Roksvåg i Smøla feirar at dei har fått to millionar kroner i bygdevekstavtale

Ordførar Hanne-Berit Brekken i Aure og ordførar Svein Roksvåg i Smøla feirar bygdemidlane med kake og gulrot.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Bank på døra og få jobb

Også i Aure er det mange ledige stillingar. Akkurat no er det utlyst 25 stillingar. Nokre av annonsane blir lyst ut fleire gongar, utan ein einaste søkjar.

– Enkelte plassar er det berre å banke på døra, så får du jobb, seier kultur- og næringssjef Ivar Torset. Helsevesenet i Aure er heilt avhengige av vikarbyrå for å få vaktlistene til å gå opp.

Ordførar i Aure, Hanne-Berit Brekken (Ap), meiner bygdevekstmidlane kjem godt med for å tiltrekke seg folk.

–Vi treng nye bustadtomter som er attraktive for tilflyttarar. Vi har arbeidsplassar, men manglar folket og vi manglar også ein del bustader, seier ordførar i Aure, Hanne-Berit Brekken.

Les også Lokkar studentar med trippel løn: – Det hjelper veldig mykje

Benjamin Andersen, sjukepleiar i Aure kommune på heimebesøk hos Jorunn Aas.

Usamd i kritikk

Bygdevekstavtalen har blitt kritisert for å vere småpengar og fine ord, og til lite hjelp for dei store utfordringane i distrikts-Noreg.

Ordførar Svein Roksvåg er usamd. For ein liten kommune som hans med knappe 2200 innbyggjarar, kjem pengane godt med.

– To millionar er mykje pengar. Det er pengar vi ikkje har til sånne ting, seier Roksvåg. No blir utfordringane til dei to kommunane å få unge folk til å forstå at dei får noko heilt unikt ved å busette seg i havgapet. For det er ikkje berre arbeidsplassar dei har å tilby.

– Det er spesielt å vekse opp og bu i eit mindre samfunn i ein øykommune. Det er ikkje så mange igjen av dei, seier Roksvåg

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL