Hopp til innhold

– Vindparkane øydelegg fiskeområde

Fiskarane fryktar at store vindparkar til havs vil legge beslag på dei beste fiskestadane.

Offshore-vindpark
Foto: Nexans

I ein rapport er det foreslått å byggje ut vindparkar i havet 15 stadar utanfor kysten. Dei områda som er mest aktuelle er grunne, og derfor blant dei beste områda for å drive fiske. Leiaren for Møre og Romsdal Fiskarlag, Lars Hopmark, meiner politikarane vel løysingar som tener dei sjølve best.

– Dei vil putte vindkraft der folk flest ikkje ser det for å få fleire veljarar. Bygg heller vindparkane i Oslo-fjorden, der vinden er meir stabil, seier Hopmark for å sette problemstillinga på spissen.

Jo meir jo betre

Terje Riis-Johansen

Olje- og energiminister Terje Riis Johansen kallar vindparksatsinga til havs for eit komande energieventyr.

Foto: Bendiksby, Terje / Scanpix


– Dette er byrjinga på eit energieventyr i Norge som skal kome til havs. Her er det snakk om jo meir jo betre, sa olje- og energiminister Terje Riis Johansen til NRK for nokre dagar sidan.

Vindkraft er eit av satsingsområda for regjeringa, men alle planar om vindkraft på eller nær land har møtt stor motstand mange stadar. Difor har ein landa på vindparkar til havs, der dei er langt unna folk flest, men i området til fiskaren, som står for Norges nest største eksportverdi.

Hevdar førsterett

For fiskarane står dette om rettar og hevd, meiner Arve Myklebust som er leiar for Herøy fiskarlag med 160 medlemmar.

– Eg må påpeike, kven var det som brukte dei planlagde områda først og har historiske rettar til dei?

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL