Hopp til innhold

Protesterte mot kantklipp - no får blomstrane stå

Kantslåtten ribbar grøftekantane for gras og vekstar mange stader, men på Smøla er det framleis fullt av blomster.

Lars Magne Roksvåg er birøktar på øya på Nordmørskysten. For han er det viktig å ha blomster i nærleiken, spesielt når vêret er utfordrande.

– Biene må flyge langt for ein liten matpakke, seier han, og fortel at fleire av biene døyr på grunn av kaldt ver eller regn på ferda fram og tilbake frå blomsterenga.

Fylkeskommunen fekk sterke reaksjonar frå lokalbefolkninga på Smøla då blomsterenga i vegkanten vart høvla ned førre sommar. Roksvåg sine bier nyt godt av villblomstrane langs vegen, og birøktaren var difor ein av dei som reagerte.

– Eg synst det er rart. Langs vegen her er det ingen vekstar som hindrar sikta. Likevel klipper dei normalt tre til fire meter ut i vegkanten, seier han.

Lars Magne Roksvåg

Lars Magne Roksvåg håpar at det berre blir klipt der det er naudsynt under førsteslåtten. Kaldt ver har utsett våren, og kantslåtten, to veker.

Foto: privat

Let blomstrane stå

Og reaksjonane har ført til forandring. Kantslåtten er snart ferdig på Nordmøre, men på Smøla ventar dei til seinare på sommaren.

– Vi skal berre slå der det er behov, seier Tor Håkon Taraldsen, som er byggeleiar på drift og vedlikehald i fylkeskommunen.

Tor Håkon Taraldsen

Tor Håkon Taraldsen i fylkeskommunen skal ta omsyn til blomsterenga i vegkanten på Smøla i år.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Taraldsen og kollegaene skal klippe ei strekning på 475 kilometer gjennom ytre Nordmøre. Smøla er siste stopp på ruta, og Taraldsen har alt køyrt gjennom heile øya for å sjå kor vekstane i vegkanten hindrar sikta til trafikantane.

Der dei ikkje gjer det, får blomstrane gro i fred.

– Vi kjem først til å klippe når dei er avblomstra i august, forklarer han.

kantslått

FÅR STÅ: Disse blomstrane får stå fram til andreslåtten om dei ikkje hindrar sikta for bilistane.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Slåtten er viktig for blomstrane

Grete Sponga er miljørådgivar for Statens vegvesen som har ansvaret for å slå langs riks- og europavegane. Sidan 2012 har dei kartlagt artsrike vegkantar, og tilrettelagt slåtten.

– På nokre område kan det bli mindre artsrikt av å ikkje bli slått, forklarar ho.

Sponga forklarar at dei klipper for å vareta artsmangfaldet på best mogeleg måte. Nokon delar av vegkanten hoppar dei over. Andre stader der kor høge vekstar gror, blir det mindre blomster dersom dei ikkje klippar.

– Ein gjengrodd vegkant vil ikkje vere bra for humlene og biene på lang sikt, seier ho.

Kantslåtten blir òg brukt for å hindre spreiing av uønskte artar, som for eksempel hagelupin og russekål.

Les også Uroa for utviklinga: Lupinen rykker nærare og nærare nasjonalparken

Lupiner langs fylkesveg 51 Valdresflye

Trafikktryggleik

Tilbake på Smøla er ordførar Svein Roksvåg veldig fornøgd med at dei låge vekstane skal få blomstre.

I den fargerike vegkanten peikar han ut prestekrage, tiriltunge, raudkløver og marikåpe.

– Det er jo for sikten at vegkantane blir slått. Der det er låg vegetasjon med fine blomster, er det ikkje naudsynt å slå, påpeikar ordføraren.

Svein Roksvåg

Ordførar Svein Roksvåg er fornøgd med at slåtten ikkje blir gjort før til hausten.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL