Hopp til innhold

– Gjerningsmannen var medviten under drapshandlinga

Dei psykiatrisk sakkunnige meiner at den tiltalte var medviten under drapshandlinga. – Det betyr at han var fullt i stand til ei realistisk vurdering av omgjevnadene, sa rettspsykiater Per Børre Husebø.

Kvinne funnet død på hotell Alexandra i Molde

Dette biletet er teke om natta etter drapet på Kirsti Slinning. Ifølgje dei psykiatrisk sakkunnige var gjerningsmannen medviten under drapshandlinga.

Foto: Roar Strøm / NRK

Rettspsykiatarane la i retten stor vekt på at gjerningsmannen har vore i stor affekt. Men han avviste at gjerningsmannen hadde «sterk forstyrring av medvitet», noko som i så fall kunne gje lågare straff.

Per Børre Husebø

Psykiater Per Børre Husebø.

Foto: Terje Reite / NRK

John Olav Roaldset

Psykiater John Olav Roaldset.

Foto: Terje Reite / NRK
– Han var i svær affekt. Dette, saman med alkoholinntak, kan ha ført til lettare nedsetjing av medvitet, sa psykiater Per Børre Husebø.

Narkose kan viske ut minnet

Den tiltalte har fortalt at han ikkje hugsar noko frå drapshandlinga. Rettspsykiatrane meiner dette kan forklarast med at mannen blei lagt i narkose litt over ein time etter drapet.

Narkosen kan viske ut minnet eit par timar i forkant av narkosen, forklarte Husebø.

–Gradvis nedsett medvit

Rettspsykiatrane viste til at medvitet til gjerningsmannen blei redusert etter drapet.

– Det er mogleg å gå frå å vere fullt medviten til å bli medvitslaus på ti minutt. Det kan vere ei form for ein sjokkreaksjon, sa rettspsykiater John Olav Roaldset.

– Ikkje høg promille

Gjerningsmannen hadde ikkje svært høg promille. Promillen er rekna ut til å vere ein stad mellom 1,1 og 1,3 på gjerningstidspunktet. I minutta frå dei første kom til staden og fram til gjerningsmannen blei frakta bort, gjekk han frå ein tilstand der han responderte på tilrop til han knapt reagerte på smertestimuli. Han fekk også lågt blodtrykk.

– Under drapshandlinga må han ha hatt høgt nok blodtrykk til å gjennomføre dette, sa Per Børre Husebø. Retten fekk framlagt dokumentasjon som viste teikn på at det hadde vore ein voldsom kamp på balkongen.

Hugsar ikkje

Mannen har heile tida sagt at han ikkje hugsar noko frå det som hende. Dei rettspsykiatrisk sakkunnige seier at det er fullt mogleg at han ikkje hugsar.

– Det kan vere ei samansett forklaring. Både affekten, utmattinga, fortrening og narkosen kan vere årsak. Det kan vere riktig at han ikkje hugsar, og det kan vere ei simulering. Men vi kan ikkje sjå vekk frå at han faktisk ikkje hugsar, sa Per Børre Husebø.

Rettspsykiatrane Per Børre Husebø og John Olav Roaldset har arbeidd saman, men har undersøkt gjerningsmannen kvar for seg. Rapporten som blei lagt fram i dag er den same som blei lagt fram i tingretten.

– Gjerningsmannen er heilt klar på at han ikkje hugsar noko frå ca. klokka 22.10 og fram til han vakna neste dag. Derfor er det ikkje gjort nye undersøkingar. Men vi har litt tillegg med utgangspunkt i det som har kome fram i lagmannsretten, opplyste rettspsykiatrane.

Rettssaka held fram med prosedyrar fredag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL