Hopp til innhold

Lagmannsretten startar behandlinga av drapet på Kirsti Slinning i dag

I dag skal Lagmannsretten behandle saka etter drapet på Kirsti Slinning. Ho blei drepen under ein fagforeiningskonferanse i Molde, like før midnatt 11. oktober i fjor.

Paal Berg Helland

Paal Berg Helland er forsvarar for gjerningsmannen.

Foto: Terje Reite / NRK
Magne Nyborg

Statsadvokat Mange Nyborg er aktor i saka.

Foto: Terje Reite / NRK

Ein mann blei dømd til fengsel i 12 år for drapet. Men både mannen og statsadvokaten anka saka.

Verken forsvaret eller påtalemakta kjem til å legge fram prinsipielt nye argument, og berre i beskjeden grad nye vitne.

Ny og høgare rettsinstans

Dermed er det store poenget med denne behandlinga i lagmannsretten å få brynt dei same argumenta, fakta, vitneutsegnene og vurderingane i ein ny og høgare rettsinstans.

Også i Lagmannsretten kjem dermed mannen som i Tingretten blei dømd til fengsel i 12 år til å nekte straffskuld. Han vil halde fast på at han ikkje hugsar noko av noko drapshandling, og at han dermed ikkje kan vedgå straffskuld.

Rettssak Molde

Tingretten var på synfaring på balkongen på hotellet der drapet skjedde.

Foto: Terje Reite / NRK

Sjalusi og sinne

Aktor vil halde fast ved påstanden om fengsel i 14 år, om det ikkje kjem fram nye og oppsiktsvekkjande opplysningar. Aktor Magnye Nyborg seier til NRK at han også i Lagmannsretten byggjer på same argumentasjon som i Tingretten.

Dette inneber at aktoratet vil byggje opp ein argumentasjon kring gjerningsmannens tiltakande sjalusi og sinne. Aktor vil vise at mannen i sjalu og sinne, og påverka av alkohol, drepne Kirsti Slinning på ein balkong på Hotell Alexandra like over midnatt 13. oktober i fjor.

Hotell Alexandra Molde

Drapet skjedde i samband med ein konferanse på Hotell Alexandra like etter midnatt 13. oktober i fjor.

Foto: Terje Reite / NRK

Nedsett minne

Der gjerningsmannen viser til tap av minne og nedsett medvit, vil aktor hevde at dette ikkje reduserer straffeansvaret.

Sjølvpåført rus reduserer ikkje noko straffeansvar, seier statsadvokat Magne Nyborg til NRK.

Lagt i narkose

Aktoratet fører eitt nytt vitne under Lagsmannsrettssaka. Dette vitnet var med på å leggje gjerningsmannen i narkose i timane etter drapet. Bakgrunnen for denne behandlinga, var at også gjerningsmannen var skadd i samband med handlingane på hotellet.

Men denne narkosen blei gitt lenge etter sjølve drapshandlinga, seier Nyborg.

Fagforeningskonferanse

Kirsti Slinning og mannen som blei dømd i Tingretten hadde vore kjærastar, med nokre avbrot, nokre månader før dei møttest på fagforeiningskonferansen i Molde. Under behandlinga i Tingretten kom det fram at forholdet blei brote nokre gonger. Vitne fortalde at mannen hadde vore sjalu, medan Kirsti Slinning var sosial og likte seg i sosiale samanhengar.

Under rettssaka blei det ført vitne som fortalde om sjalusien og sinnet, både i samband med fagforeiningskonferansen og andre samanhengar Slinning og gjerningsmannen deltok i. Gjerningsmannen avviste i Tingretten at dei hadde eit problematisk forhold.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL