Hopp til innhold

– Vakna av eit voldsomt bråk

Det var eit voldsomt bråk på balkongen på rom 411 på Hotell Alexandra då Kirsti Slinning blei drepen i oktober 2011. Gjesten som budde i rommet i etasjen under vakna, og blei den første som varsla om det som skjedde.

hotell Alexandra i Molde

Dette biletet er teke om natta etter drapet. Gjerningsmannen og den drepne Kirsti Slinning deltok på ein fagforeiningskonferanse på hotellet.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag / Scanpix

Frostating lagmannsrett er no inne i andre dag av ankesaka. I tingretten blei gjerningsmannen dømd til fengsel i 12 år. Både han og påtalemakta har anka.

Magne Nyborg

Aktor er statsadvokat Magne Nyborg.

Foto: Terje Reite / NRK
Paal Berg Helland

Forsvarar for gjerningsmannen er advokat Paal Berg Helland.

Foto: Terje Reite / NRK

Gjesten på rom 311 hadde sovna. Men vakna av bråk like før midnatt drapskvelden.

– Eg vakna av bråket, og skjønte at det var alvorleg. Det var lydar av slosskamp. Eg tenkte at no er det alvor, og ringte til resepsjonen. Ei kvinnestemme ropte hjelp, hjelp, forklarte vitnet.

To tilsette ved hotellet kom umiddelbart. Dei prøvde å lokalisere kvar lydane kom frå.

Eg gjekk ut på balkongen og ropte «hei, kva er det som skjer?». Vi forsto fort at bråket kom frå etasjen over, forklarte vitnet.

Høyrde bråk gjennom telefonen

Dei to frå hotellet som kom til var nattevakta i resepsjonen og sjefen i baren. Nattevakta forklarte i dag at han kunne høyre bråket frå rom 411 då gjesten på rom 311 ringte.

– Eg høyrde bråket gjennom telefonrøret. Eg skjønte det var alvor. Ved vanleg bråk ville eg ha takla det sjølv. Men denne gongen tok eg umiddelbart med meg barsjefen også, forklarte vitnet.

Trudde det var to menn

Dei tilsette var sikre på at det var to menn som slåst. Då dei kom ut på balkongen såg dei også mykje blod. Dei frykta at det skulle vere brukt stikkvåpen.

– Ute på verandaen såg vi ein person site oppå ein annan. Kollegaen min reiv den øvste personen vekk frå den som låg under. Mannen blei liggjande på golvet. Han prøvde å reise seg opp, men eg bad han halde seg i ro, forklarte vitnet.

Lagmannsretten

Rettens administrator er Mats Stensrud, lagdommar Ivar Sølberg (til venstre) og straordinær lagdommar, Ingolv Joa (til høgre). Fremst sit dei sakkunnige.

Foto: Terje Reite / NRK

– Han var medviten

I denne saka vil det vere vesentleg å vurdere kor bevisst gjerningsmannen var då drapet skjedde. Vitnet i dag forklarte at han fekk kontakt med gjerningsmannen.

Han skjønte kva eg sa. Kollegaen min spurte dei også om dei var i live. Gjerningsmannen løfta tommelen som signal på at dei var i live begge to. Eg er hundre prosent sikker på at dette var ein respons på spørsmålet, og ikkje ein tilfeldig bevegelse, sa vitnet.

– På meg virka mannen bevisst. Men han var fjern, sa vitnet.

Skjønte brått det var ei kvinne

Etter ei stund kom to venninner av Kirsti Slinning til døra til hotellrommet.

Då skjønte eg det: Herre gud, tenkte eg, det er ei kvinne som ligg på balkongen. Heilt fram til dette tidspunktet trudde dei to tilsette ved hotellet at det hadde vore to menn som slåst.

– Han heldt hendene om halsen på henne

I lagmannsretten har også barsjefen forklart seg. Han var ein av dei to første som kom til rom 411.

Eg såg mannen sat oppå henne. Han heldt henne med eit kvelartak. Og det var mykje blod der, sa han.

Mannen valde fort å skilje dei to frå kvarandre. Han måtte bruke krefter, og heldt den eine handa i dørkarmen, og tok tak i nakkekragen til gjerningsmannen med den andre handa.

Eg løfta han opp. Mannen heldt framleis eit kvelartak om halsen på kvinna. Hovudet hennar blei med opp då eg skulle ta mannen vekk. Han slapp først taket då eg drog han vekk frå kvinna, forklarte vitnet.

Politiet kom

Ute på byen var ein politibetjent og ein aspirant på patrulje. Rundt midnatt var dei i nærleiken av flyplassen på Årø. Då dei fekk melding om slåstkamp på Hotell Alexandra køyrde dei strake vegen til hotellet.

Då eg kom inn på rommet såg eg ein mannsperson sitje i døropning mellom hotellrommet og balkongen. Ute på balkongen såg eg at det låg eit menneske.

– Det kom kremtelydar

Den eine av dei to politimennene undersøkte kvinna som låg på golvet på balkongen. Mannen som vitna tok tak i gjerningsmannen.

–Eg oppfatta mannen i døra som ein trussel. Eg drog han inn i rommet, forbi senga og la han i stabilt sideleie. Eg var i tvil om kor bevisst han var, og rista i han. Det kom kremtelydar, men elles fekk eg ikkje noko kontakt med han, forklarte politimannen.

Også politiet blei overraska av kor mykje blod det var i området. Gjerningsmannen hadde eit kutt i bakhovudet, og var svært blodig.

–Han var blodig på hendene. Også kleda var tilgrisa med blod.

–Nærmast bevisstlaus

Politimannen oppfatta gjerningsmannen som nærmast bevisstlaus. Men gjerningsmannen gav respons på smertestimuli.

Eg rista i han. Då kom det kremtelydar. Det blir litt å spekulere om eg sa at han blei mindre og mindre bevisst. Men etter kvart måtte eg ta tak i øyret hans for å framklasse kremtelyden, forklarte politimannen.

Lagretten

Det er valt 10 medlemer til lagretten.

Foto: Terje Reite / NRK

Situasjonen var slik at politiet ei stund lurte på om det kunne vere ein tredje person inne i biletet. Men dei fann fort ut at det ikkje kunne vere slik. Politiet tilkalla ambulanse, og klokka 00.20 blei Kirsti Slinning erklært død.

Etter kvart kom det ambulanse og lege til staden. Gjerningsmannen blei vurdert etter ein skala som viser kor medviten ein pasient er. På dette tidspunktet fekk gjerningsmannen ein score heilt i nederste del av skalaen.

– Vi vurderte på dette tidspunktet mannen som medvitslaus, sa vitnet som arbeidde på ambulansen natta då Kirsti Slinning døydde.

Frostating lagmannsrett behandlar saka denne veka. Det er venta prosedyrar torsdag og avslutning fredag.