NRK Meny
Normal

Mange var uroa for Kirsti Slinning før ho vart drepen

Både fagforeiningskollegaer, nær slekt og vener var uroa for Kirsti Slinning før ho vart drepen. Dei frykta ho var på veg inn i eit forhold som var prega av kontroll og sjalusi.

Hotell Alexandra Molde

Drapet skjedde på ein balkong i fjerde etasje på den bortre delen av Hotell Alexandra i Molde.

Foto: Terje Reite / NRK

Søster til Kirsti Slinning tok til tårene under forklaringa si i lagmannsretten i dag. Dei hadde eit svært nært forhold, dei var som sjelevener, forklarte systera.

Eg bad Kirsti love meg på tru og ære at ho aldri måtte møte denne mannen meir. Eg var redd for at ho vikla seg inn i eit forhold til ein mann som var kontrollerande og sjalu, sa systera.

Fleire vitne fortalde om episodar, der dei oppfatta at mannen som seinare blei dømd for drap reagerte når Kirsti Slinning heller ville vere sosial enn å gje mannen merksemd. Også i retten i dag stadfesta mannen at dette kunne vere problematisk.

Problema oppsto når ho var sosial med andre menn. At ho hadde det fint saman med andre kvinner var ikkje noko problem, sa mannen.

Kvinne funnet død på hotell Alexandra i Molde

Politiet kom raskt til staden då det blei meldt om bråk frå rom 411 på Hotell Alexandra i Molde.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Kontrollerande og sjalu

Ein stor del av vitneprova handla om timane før drapet. Både Kirsti Slinning og gjerningsmannen var til stades ved ein fagforeiningskonferanse. Vitna fortalde at mannen verka kontrollerande og irritert. Ifølgje vitna gjekk han rundt i lokalet og speida etter Slinning.

Ho skulle svare på eit spørsmål frå ein av deltakarane på konferansen. Då ropte mannen som no står tiltalt til henne at ho ikkje måtte snu ryggen til han. Fleire reagerte på dette, forklarte eitt av vitna.

– Mørk i blikket

Fleire vitne hadde samanfallande beskrivingar av kroppsspråket til mannen. Dei fortalde at mannen var «mørk i blikket». Uttrykket «mørk i blikket» blei brukt av svært mange av vitna.

Eg følte at mannen ikkje var i balanse. Og eg spurte Kirsti om eg hadde grunn til å vere engsteleg for henne. Men ho sa nei, og sa at ho ville ordne opp sjølv, forklarte eitt av vitna.

Lagmannsretten

Lagmannsretten behandlar saka denne veka. Torsdag skal dei psykiatrisk sakkunnige legge fram sin rapport. Fredag blir det prosedyrar.

Foto: Terje Reite / NRK

– Ho skulle gjere det slutt

Om kvelden var deltakarane på fagforeiningskonferansen samla til festleg samver i festlokala på hotellet. Først var det middag, og etter klokka 21.40 var det eit arrangement i baren. Vitnet, som truleg var den siste som snakka med Slinning i bar-lokala, fortalde at Slinning kom til å gjere det slutt med mannen den kvelden.

Kirsti sa at ho skulle gå opp på rommet for å gjere det slutt. Tidlegare på dag hadde ho sagt at dette ikkje var mannen i livet hennar, sa vitnet.

Vitnet spurte Slinning om ho ikkje ville kome ned att til baren etter på.

– Ja, dersom eg får det til, sa Kirsti ifølgje vitnet.

Tidlegare på dagen hadde dette vitnet reagert på at stemninga var amper mellom dei. I ein situasjon der ho oppfatta at mannen hytta med neven overfor Slinning, gjekk ho etter for å sjå at alt gjekk bra.

Fleire kollegaer ville hjelpe

Eitt av vitna hadde sett at Kirsti Slinning gråt og ikkje hadde det godt, den kvelden. Dette var etter ein episode der Slinning hadde sett seg nøydd til å forklare mannen at «ho måtte jo få lov til å snakke med venene sine».

– Eg tilbaud Kirsti å overnatte på mitt rom. Men det avslo ho, sa fagforeiningskollegaen, som også var nær ven med Kirsti Slinning.

Kort tid seinare var både Slinning og gjerningsmannen åleine på rom 411. Sjølve drapet skjedde ein gong mellom klokka 23.40 og 23.50. Ein gjest i etasjen under vakna av bråket, og tilkalla hjelp. Etter kvart spreidde meldinga om bråket seg også blant deltakarane på konferansen.

Bråk på hotellromet

Vitnet som tilbaud Slinning overnatting var blant dei første konferansedeltakarane som kom til hotelldøra på rom 411, då meldingane om bråket byrja å spreie seg.

Eg trudde det var mannen som hadde gjort noko gale mot seg sjølv, fordi Kirsti ville gjere det slutt. Eg tenkte berre på at eg måtte trøyste Slinning, forklarte ho. Ho blei ståande ved trappa i fjerde etasje, nærmast i sjokk.

I løpet av kort tid kom både politi, lege og ambulansepersonell til staden. Slinning blei erklært død klokka 00:20. Gjerningsmannen blei send til sjukehus med ambulanse, han blei lagd i narkose, og vakna opp først dagen etter.