NRK Meny
Normal

Tiltalte held fast på at han ikkje hugsar det som skjedde

Mannen som i tingretten vart dømt for drap på Kirsti Slinning sa seg ikkje skuldig då saka starta i lagmannsretten måndag. Slinning blei drepen under ein fagforeiningskonferanse 11. oktober 2011.

Lagmannsretten

Frostating lagmannsrett starta måndag behandlinga av saka etter drapet på Kirsti Slinning. Ein mann blei dømd til fengsel i 12 år då saka var oppe i tingretten tidlegare i år.

Foto: Terje Reite / NRK

– Eg vedgår dei faktiske forholda, men vedgår ikkje straffskuld, sa mannen då saka tok til i Frostating lagmannsrett.

Paal Berg Helland

Advokat Paal Berg Helland er forsvarar for gjerningsmannen.

Foto: Terje Reite / NRK
Magne Nyborg

Statsadvokat Magne Nyborg er aktor i saka.

Foto: Terje Reite / NRK
Per Børre Husebø

Per Børre Husebø er rettspsykiatrisk sakkunnig.

Foto: Terje Reite / NRK
John Olav Roaldset

John Olav Roaldset er rettspsykiatrisk sakkunnig.

Foto: Terje Reite / NRK
Harald Aarset

Harald Aarset er rettspatalog.

Foto: Terje Reite / NRK
Anne N. Hovde

Anne N. Hovde er bistandsadvokat for dei to barna til Kirsti Slinning.

Foto: Terje Reite / NRK

Den drepne og mannen som står tiltalt for drapet hadde vore kjærastar nokre månader. Dei var medlemer i same fagforeining, og begge deltok på ein konferanse i Molde.

Under rettssaka måndag heldt den tiltalte mannen fast ved at han ikkje hugsa noko frå drapstidspunktet. Dette er også bakgrunnen for at han ikkje vil vedgå straffskuld.

– Eg hugsar ingen ting av dette, sa tiltalte då aktor Magne Nyborg konfronterte han med at barsjefen på hotellet måtte dra han vekk frå Slinning då dei blei oppdaga på hotellbalkongen.

Den tiltalte forklarte også at han heller ikkje forsto kvifor det var politi på rommet hans på sjukehuset då han vakna dagen etter.

– Eg gjorde meg ikkje noko tankar om kvifor det var politi der. Dei var der vel for å passe på meg. Etter kvart tenkte eg at noko måtte ha hendt, forklarte tiltalte.

– Ingen grunn til å mistenkje andre

Den tiltalte forklarte at det er resultatet av etterforskinga som har gitt han grunnlag for å innsjå at det er handlingane hans som har ført til at Kirsti Slinning døde.

– Ja, DNA-profilen, og korleis eg såg ut gjev meg ingen grunn til å mistenkje nokon andre. Noko må ha skjedd, men dette er sånt eg har fått vite i ettertid, sa mannen.

Det er litt uklart når tiltalte skjønte at Kirsti Slinning var død. Slik han forklarte seg, var han ikkje klar over at Slinning var død før etter det første avhøyret.

Det gjekk opp for meg då eg var på ei ventecelle på politihuset. Nokre politimenn kom med nokre dokument eg skulle signere. Det må ha vore etter det første avhøyret, sa den tiltalte.

Lekamsskading med døden til følgje

Då behandlinga i lagmannsretten tok til, presiserte forsvarar Paal Berg Helland at tiltalte vedgår dei faktiske forholda. Tiltalte forstår at han har utført ei handling som førte til at Kirsti Slinning døde.

Men han gjorde dette ikkje med viten og vilje. Vi meiner dette handlar om lekamsskading med døden til følgje, sa forsvarar Berg Helland.

Drapet skjedde like før midnatt

Under behandlinga i tingretten teikna aktor Magne Nyborg eit bilete av gjerningsmannen, som ein som blei lett sjalu og sint. Då saka starta i lagmannsretten måndag, la Nyborg igjen fram tekstmeldingar og mobilsvarmeldingar som viser korleis kommunikasjonen var mellom den drepne og gjerningsmannen kvelden før drapet.

– Drapshandlinga gjekk føre seg i løpet av dei ti minutta mellom klokka 23.42 og 23.52, sa aktor Magne Nyborg.

Tidspunktet byggjer på avlesing av nøkkelsystema på hotellet. Klokka 23.42 låste Slinning og gjerningsmannen seg inn på hotellrommet. Ti minutt seinare blei låsen opna med ein hovudnøkkel. På dette tidspunkt låste tilsette på hotellet seg inn, og fann gjerningsmannen sitjande over Kirsti Slinning på balkongen på rom 411.

Blei kjærastar våren 2011

Den tiltalte forklarte i retten at han og Kirsti Slinning hadde kjent til kvarandre i 2–3 år gjennom Fagforbundet. I november/desember 2010 blei dei vener på Facebook.

I januar skreiv tiltalte på Facebook at han hadde bytta leiligheit. Han fekk respons på dette innlegget frå fleire, deriblant Kirsti Slinning. Ho kommenterte at ho var interessert i same flyttecontaineren. Ho var også på flyttefot, forklarte tiltalte. Ingen av dei to hadde lenger ektefelle eller sambuar, og kontakten dei to imellom vart tettare.

Dei to blei nærare kjende med kvarandre i løpet av våren, dei møtte kvarandre både i fagforeiningssamanheng og privat.

– Ho likte å bli kjend med nye menneske. Eg tykte ho var litt for nærgåande med dei. Eg gav uttrykk for det. Men ho forklarte at det var slik ho var, forklarte den tiltalte under forklaringa si.

Ulike oppfatningar

Måndag formiddag forklarte tiltalte seg også om ein tur han og Kirsti Slinning hadde til Countryfestivalen på Skjåk. Som i tingretten forklarte han at det til tider var litt trykka stemning. Det var meininga han og Slinning skulle køyre kvar til sitt etter festivalen.

– Men eg hadde lagt att nøklane i Ålesund og blei med tilbake dit. Det var trykka stemning i bilen. Men vidare ut over sommaren var vi mykje i lag. Vi hadde ferie begge to, og god tid til å vere saman. Vi oppheldt oss både i Ålesund og på heimplassen min, forklarte tiltalte.

Opphaldet på countryfestivalen førte til nokre disputtar mellom dei to. Han ville ha merksemd frå henne, medan ho ville vere sosial og hadde kontakt med mange.

– Når to er saman, meiner eg at dei to skal halde seg saman, sa tiltalte. Han likte ikkje at ho sat på fanget til ein annan mann.

Diskusjonane førte til at tiltalte ikkje ønskte å overnatte i hytta dei hadde leigd. Han valde å overnatte i bilen.

– Vi hadde ein disputt. Eg tenkte ho berre kunne vere hjå venene sine og eg kunne dra vidare til slekta i Østfold. Den natta sov eg i bilen, forklarte tiltalte.

Tiltalte forklarte at det blei ein diskusjon mellom dei to også etter festivalen. Han likte ikkje måten ho oppførte seg på.

– Vi diskuterte dette då vi kom heim frå Skjåk. Eg forklarte at eg ikkje likte måten ho oppførte seg på. Eg likte ikkje at ho sat på fanget og kyssa andre. Ho gjorde det ikkje som noko sexuelt, men det var ei småklining, og det likte eg ikkje, forklarte tiltalte.

Deltok på fagforeiningskonferanse

Måndag 10. oktober 2011 deltok begge på ei samling for tillitsvalde i Fagforbundet. Tysdag den 11. var tiltalte ferdig med sine seminar ved lunch-tider, medan Kirsti Slinning skulle delta på representantskapsmøte med påfølgjande sosialt samvere.

Ho inviterte meg til å bli verande til onsdagen. Eg fekk flytte inn på rommet hennar, forklarte tiltalte.

I forklaringa si fortalde tiltalte at han og Kirsti Slinning ut på ettermiddagen førebudde seg saman til vorspiel og festleg samvere som skulle gå føre seg om kvelden. I 19-tida drog Slinning på noko som tiltalte forklarte som ei blanding av vorspiel og møte.

– Dei skulle diskutere tilhøva på ein arbeidsplass. Men eg var ikkje med på dette møtet, forklarte han.

Tiltalte var heller ikkje med på den påfølgjande middagen. I staden blei han sitjande på hotellrommet, han såg TV og drakk litt.

Humøret mitt var heilt OK. Eg var ikkje irritert på noko. Kirsti sitt humør var også heilt greitt. Ho var jamt over i godt humør, forklarte tiltalte.

Blei slitande på rommet

Medan middagen pågjekk, var gjerningsmannen delvis på rommet og delvis på ein fotballbar i nærleiken. Ut på kvelden møtte dei kvarandre på baren ved lobbyen på Hotel Alexandra. Etter å ha drukke både på rommet og på fotballpuben blei det meir drikke i baren.

– Etter å ha vore ute og røyka er eg ikkje heilt sikker på kva som skjedde, forklarte tiltalte.

Tiltalte forklarte at han ikkje kan hugse å ha ringt Kirsti Slinning den kvelden. Han sa også at han ikkje kan hugse at han vandra kringom i lokala på hotellet.

Det siste eg hugsar var at eg og Kirsti satt og snakka, og at vi gjekk ut for å ta oss ein røyk. Det neste eg hugsar er at eg vakna på sjukehuset. Eg trudde eg hadde fått eit hjarteinfarkt, forklarte tiltalte.

Såg bilete på Facebook

Under utspørjinga av tiltalte kom det også fram at tiltalte hadde fått låne datamaskinen til Kirsti Slinning. Med denne datamaskinen var han blant anna inne på Facebook, og studerte bilete som Slinning nettopp hadde lagt ut.

Ja, desse bileta viser korleis ho kunne vere når ho var glad og var i trygge omgjevnader. Ho likte godt å sitje på fanget til folk, forklarte tiltalte.

I retten blei det så stilt spørsmål ved om tiltalte blei irritert då Kirsti Slinning dansa med andre. I ei politiforklaring har tiltalte også sagt at Slinning ikkje høyrte han då han ropte etter henne. Ho gjekk og sette seg saman med nokre venninner. Tiltalte gjekk etter henne og sette seg i same flokken.

Tiltalte forklarte at det er vanskeleg for han å hugse særleg mykje av det som hende i denne perioden.

– Ikkje snu ryggen til meg

Måndag formiddag blei tiltalte konfrontert med vitneforklaringar om at han skal ha blitt irritert då Kirsti Slinning snudde seg vekk frå tiltalte i området ved baren. «Ikkje snu ryggen til meg», skal tiltalte ha sagt drapskvelden.

– Dette hugsar eg ikkje, sa mannen som blei dømt for drap i tingretten.

Spionutstyr for mange tusen

Mot slutten av første rettsdagen blei tilhøva til tidlegare ektefelle og sambuar eit tema. I ein periode sende tiltalte anonyme tekstmeldingar til den tidlegare sambuaren sin. Denne aktiviteten blei meld til politiet som telefonsjikane.

I denne perioden investerte tiltalte også i avlyttingsutstyr til fleire tusen kroner.

Eg veit ikkje kvifor eg kjøpte dette. Det er ei gåte, sa mannen.

Aktor la også fram ein retningsstyrt mikrofon som blei beslaglagt heime hos mannen.

Eg har eit barnebarn som er interessert i naturen. Dette skulle vi bruke når vi skulle utforske fjæra og naturen elles, sa han i retten i dag.

Avlyttingsutstyr

- Det er ei gåte kvifor eg kjøpte avlyttingsutstyr, sa mannen i retten i dag. Biletet er teke i samband med behandlinga av saka i tingretten.

Foto: Terje Reite / NRK

Forsvararen greip inn

Etter at den tiltalte mannen ikkje klarte å gje noka klar forklaring på kva han skulle bruke avlyttingsutstyret, greip forsvararen inn.

– Vi let utstyret som var tenkt til barnebarna ligge. Men det andre utstyret MÅ du ha hatt planar med, sa forsvarar Pål Berg Helland.

Den tiltalte mannen måtte medgje at han nok hadde tankar om at det skulle brukast overfor den tidlegare sambuaren sin. Men han presiserte at det aldri blei brukt.

– Det var nok retta mot ex-sambuaren, ja. Men eg hadde aldri turt å bruke det, sa mannen.

Blei dømd til 12 år

Saka held fram ut resten av veka. I tingretten blei mannen dømd til fengsel i 12 år. Både den statsadvokaten og den dømde anka denne domen. Dermed er det klart for ein rettsrunde i lagmannsretten.

Rettens formann er Mats Stensrud. Med seg har han lagdomarane Ivar Sølberg og Inggolv Joa.

Dette står mannen tiltalt for:

Statsadvokatane i Møre og Romsdal har teke ut følgjande tiltale:

Straffeloven § 233 første ledd:

for å ha forvoldt en annens død.

Grunnlag:

Tirsdag 11. oktober 2011 ca kl. 23.50 på Quality Hotel Alexandra i Storgata i Molde, slo og/eller sparket han Kirsti Slinning i holdet og satte seg over henne. Han tok tak rundt halsen hennes og klemte til slik at hun ikke fikk puste, og holdt grepet helt til andre personer kom til og dro ham vekk. Slinning døde av kvelning.

Lagretten

Dette er medlemene i lagretten som skal vere med å avgjere saka.

Foto: Terje Reite / NRK