Hopp til innhold

Nådde ikkje fram med anken: 12 års fengsel for Alexandra-drapet

Lagmannsretten kom fram til same slutning som tingretten gjorde i juni. Den 58 år gamle mannen frå Eide er dømt til 12 års fengsel for drapet på Kirsti Slinning.

Lagmannsretten

Alexandra-drapet blei anka til lagmannsretten. I dag blei dommen forkynt.

Foto: Terje Reite / NRK

Dommen i Frostating lagmannsrett er no forkynt, og den 58 år gamle mannen frå Eide er funne skuldig i drapet på Kirsti Slinning.

Han er funnen skuldig i forsettleg drap. Dommen er einstemmig.

Same fengselsstraff

I sommar blei mannen dømt til 12 års fengsel. Saka blei anka til lagmannsretten.

Anken nådde derimot ikkje fram, og lagmannsretten har dømt mannen til 12 års fengsel, minus 423 dagar i varetekt.

Aktor i saka, Magne Nyborg, kravde 14 års fengsel. Lagmannsretten kom fram til 12 år.

Han er i tillegg dømt til å betale 474.000 kroner i erstatning til dei etterlatne. Han slepp sakskostnader.

Saka held fram under bildet.

hotell Alexandra i Molde

Her, på Hotell Alexandra i Molde, blei Kirsti Slinning drepen av den 58 år gamle mannen frå Eide.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag / Scanpix

Meiner drapet var brutalt

Kirsti Slinning blei drepen i samband med ei fagforeiningssamling på Hotell Alexandra i Molde hausten 2011.

I dommen blir drapet og mishandlinga omtalt som brutalt. I tillegg blir det skrive at drapet ber preg av å vere eit affektdrap.

Drapet skjedde ved kveling.

Paal Berg Helland

Forsvarar til den drapsdømte 58-åringen, Paal Berg Helland, er usikker på om saka skal ankast vidare til høgsterett.

Foto: Terje Reite / NRK

– Hadde håp om strafferabatt

Forsvarar til 58-åringen fortel at den domfelte er skuffa over resultatet.

– Men det kom ikkje heilt uventa på han, fortel Pål Berg Helland til NRK.no.

Aktor sin påstand om 14 års fengsel meiner Berg Helland hadde blitt heilt feil.

– Det hadde vore å skyte over mål. Det er for høgt i forhold til nivået dette ligg på.

Berg Helland la ned påstand om 11 års fengsel, og at drapet blei sett utan forsett.

– Kva var håpet?

– Han hadde eit håp om å bli trudd på at meininga ikkje var å drepe den avdøde. Håpet var eventuelt strafferabatt då han faktisk har tilstått det faktiske forhold.

Ikkje overraska

At det ikkje blei strafferabatt kjem derimot ikkje som nokon overrasking.

– Nei, det er ikkje overraskande. Men min klient er skuffa, fortel Berg Helland.

Innan dei neste to vekene skal dei avgjere om saka skal ankast vidare til høgsterett.

– No skal vi lese dommen begge to, før det blir eit møte der vi avgjer om det blir anke, avsluttar forsvararen.

Saka held fram under bildet.

Magne Nyborg

Magne Nyborg har prosedert for 14 års fengsel. Anke til høgsterett blir vurdert.

Foto: Terje Reite / NRK

Aktor: – Vurderer òg anke

Aktor i saka, Magne Nyborg, fortel at dommen er litt som venta.

– Det er same resultat som i tingretten. Eg prosederte for 14 år, han fekk 12 år. Vi anka frå tingrett til lagmannsrett, no skal vi vurdere om det er grunnlag for å anke til høgsterett, fortel Nyborg til NRK.no.

Han fortel at 12 år var det minste dei venta.

– Eg hadde ikkje venta noko lågare. 12 år er minimum for forsettleg drap.

– Kvifor meiner du 14 år hadde vore på sin plass?

– Fordi vi meiner der er fleire skjerpande moment. All den tid ho må ha opplevd dødsangst og kamp dei siste minutta ho levde.

– Kor sannsynleg er det at de no ankar?

– Eg har ikkje kome så langt enno, men det blir vurdert. Akkurat no er det berre eit forslag frå riksadvokaten som ligg framme, men det vil eg ikkje seie noko om akkurat no, avsluttar Nyborg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL