Hopp til innhold

Slinning-dømt får ikkje anke

Dommen i Slinninga-saka er no rettskraftig.

hotell Alexandra i Molde

Her ved Hotel Alexandra i Molde mista Kirsti Slinning frå Ålesund livet hausten 2011.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag / Scanpix

Tysdag melder Sunnmørsposten at høgsterett har avvist anken både frå den drapsdømde 58-åringen frå Eide, samt riksadvokaten.

1. statsadvokat Jan Hoel hos Statsadvokatene i Møre og Romsdal seier til avisa at det var gjort vedtak den 1. februar om at verken dei eller den domfelte får anke saka.

Avviste begge

58-åringen uttalte 18. januar at han meinte dommen om 12 år fengsel var for streng, og difor valde å anke saka.

Riksadvokaten meinte på si side at dommen var for mild. Nå har altså høgsterett teke avgjerd om å avvise begge ankane.

Brutalt drap

Kirsti Slinning blei drepen i samband med ei fagforeiningssamling på Hotell Alexandra i Molde hausten 2011.

I dommen blir drapet og mishandlinga omtalt som brutalt. I tillegg blir det skrive at drapet ber preg av å vere eit affektdrap. Drapet skjedde ved kveling. Aktor i saka, Magne Nyborg, kravde 14 års fengsel, fordi det var fleire skjerpande moment.

Lagmannsretten kom fram til 12 år.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL