Hopp til innhold

– Mannen var medviten under sjølve drapet

Dei psykiatriske sakkunnige meiner den tiltalte etter drapet på Hotell Alexandra i Molde var medviten under drapshandlinga. Ifølgje psykiatrirapporten var mannen aktivt handlande.

Video Kvinne funnen død på hotellrom

Denne TV-saka blei laga dagen etter at Kirsti Slinning blei funnen drepen på rom 411 på Hotell Alexandra i Molde natt til 12. oktober 2011.

Den tiltalte har heilt sidan drapet i oktober halde fast på at han ikkje hugsar noko av det som skjedde. Men rettspsykiatrane viste til fleire forhold som viser at mannen må ha hatt sansane i behald under sjølve handlinga.

Børre Husby

Rettspsykiater Børre Husebø.

Foto: Terje Reite / NRK

Paal Berg Helland

Forsvarar Paal Berg Helland.

Foto: Terje Reite / NRK
Magne Nyborg

Aktor Magne Nyborg

Foto: Terje Reite / NRK
– Han reagerte på impulsar frå folk som kom springande til. Tapet av minnet må ha kome i ettertid, forklarte psykiatrisk sakkunnig Børre Husebø.

Vi har heller ikkje funne spor som skulle føre til nokon form for psykiatrisk diagnose, sa Husebø.

Kjærasten tiltalt for drapet

Både Kirsti Slinning og kjærasten var deltakarar på ein konferanse i regi av Fagforbundet i oktober 2011. Kjærasten var ferdig med sin del av konferansen. Men Kirsti Slinning skulle halde fram på eit representantskapsmøte i Fagforbundet, og kjærasten fekk lov til å bu på rommet hennar.

Fleire vitne har fortalt at mannen blei sjalu og irritert utover kvelden. Han skal ha kravd merksemd frå Kirsti Slinning, og både vinka, sende tekstmelding og la att mobilsvarmelding for å få henne opp på hotellrommet.

Også vitneprov om episodar frå ein musikkfestival og eit pubbesøk har underbygt påstandar om at tiltalte blei lett sjalu.

– Var uroa for Kirsti like før drapet

Fleire av deltakarane på fagforeiningskonferansen fortalde i Romsdal tingrett at dei var uroa for Kirsti Slinning, på grunn av måten tiltalte oppførte seg i timane før drapet.

Situasjonen blei så ubehageleg at Slinning ein gong mellom klokka 23.30 og midnatt gjekk på rommet for å gje beskjed om at ho ikkje kunne ha slike stadige sjalusiepisodar.

Like før midnatt kom dei første meldingane om alvorleg bråk på rommet, og ei stund etter midnatt blei Kirsti Slinning funnen død.

Kjærasten er tiltalt for forsettleg drap. Han seier han ikkje hugsar noko, og forsvararen meiner han må dømast til lekamsskading med døden til følgje.

– Tapte minnet etter drapet

Psykiater Børre Husebø beskreiv kampen på rom 411 som ein kamp på liv og død. Kirsti Slinning var sterk, og har kjempa imot, sa Husebø.

Alkoholkonsentrasjonen til den tiltalte er rekna ut til å vere ein promille på 1,3 til 1,4.

– Kan han reelt ha hatt eit hukommelsestap?, spurte Husebø, og viste til at tiltalte reagerte på spørsmål frå mannskapa som kom til.

– Han tok imot sanseinntrykk frå dei som kom til, og han bearbeida inntrykka han fekk. Kampen har vore så hard, at han kan ikkje ha hatt eit passiviserande blotrykksfall under kampen. Han var bevisst, i alle fall til han losna grepet om halsen hennar, sa Børre Husebø.

– Han hadde sansane i behald

Psykiater Børre Husebø drøfta så korleis det kunne ha seg at tiltalte hevdar at han ikkje hugsar noko frå sjølve hendinga. Tiltalte har halde fast på dette heile tida.

– Påstanden hans har vore konsistent under alle avhøyra og samtalane. Det kan vere snakk om ei fortreninging. Den har i så fall kome i ettertid. Under sjølve handlinga hadde han alle sansane i behald, sa Husebø.

– Var aktivt handlande

Den psykiatriske rapporten er utarbeidd av Jon Olav Roaldset og Børre Husebø. Dei er oppmende av Romsdal tingrett for å gje frå seg judisiell observasjon. Dei la fram erklæringa si i januar, og den psykiatriske kommisjonen har ikkje hatt vesentlege merknader til erklæringa.

Jon Olav Roaldset og Børre Husebø har undersøkt tiltalte uavhengig av kvarandre medan tiltalte sat på Hustad fengsel. Den tiltalte var ikkje like interessert i å snakke med dei sakkunnige heile tida.

Dei sakkunnige meiner dei møtte ein intellektuelt normalt utrusta person, sjølv om han av og til framsto som tvangsprega strukturert.

–– Vi står fast ved at han var bevisst og aktivt handlande då drapet blei gjort, sa Husebø under rettssaka i Romsdal tingrett torsdag.

Psykiatrane uttalar at dei ikkje har funne spor som kan føre fram mot nokon psykiatrisk diagnose. Det er ikkje noko i forhistoria som skulle føre til at tiltalte var spesielt disponibel for erindringssvikt.

Vi oppfatta han som aggresjonshemma, og at han var ein kontrollert person. Vi har vektlagt ein del vitneutsegn og vi har lagt til grunn av han hadde drukke ein del alkohol, sa Børre Husebø.

Husebø fortalde at han hadde rekna ut at tiltalte hadde drukke fem einingar med alkoholhaldig drikke, men at han var usikker på kva han hadde drukke på rommet.

– Ein promille på 1,3 – 1,4 er ingen høg promille, sa Husebø.

– Lekamsskading med døden til følgje

Forsvarar Paal Berg Helland seier at spørsmålet om medvit eller ikkje under drapshandlinga ikkje får mykje å seie for måten forsvaret vil legge opp prosedyra si.

– Her fekk min klient ein grei gjennomgang av kvifor han ikkje hugsar noko av det som skjedde på rom 411 i samband med at Kirsti Slinning døde. Men vi held framleis fast på at min klient ikkje med kunnskap og vilje gjorde noko slik at Kirsti Slinning skulle døy. Vi prosederer på lekamsskading med døden til følgje, seier Paal Berg Helland.

Det er prosedyre i saka fredag.