- Det er ei formidabel oppgave me skal i gang med. Men eg ser også veldig optimistisk på moglegheita til å få til noko, seier Roald Fiksdal.
Han er den som skal leie samarbeidet. Målet er å finne ut korleis ein best mogleg skal samarbeide om mellom anna samferdsel, reiseliv og næringsliv i dei to regionane.
- Me står betre saman enn kvar for oss, seier Fiksdal.
- Samfunnsengasjement og ambisjonar
I slutten av mars møtest gruppa for fyrste gong for å starte samarbeidet. Då skal dei setje kursen for dei neste åra.
- Dei me skal samle fyrste gongen i slutten av mars er folk med samfunnsengasjement og ambisjonar. Eg er difor sikker på at arbeidet fram mot neste samling igjen blir eit som kan samle Nordmøre og Romsdal igjen, betre enn me kunne gjort om me sat kvar for oss, seier den nye leiaren.
Betent diskusjon
UTSETT BYGGING: Nye Molde sjukehus blir utsett frå 2012 til 2018.
Foto: Helse Nordmøre og RomsdalUTSETJAR: Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen kom med beskjeden.
Foto: Aas, Erlend / SCANPIXGJEKK AV: Helge Aarseth sa frå seg styreleiarvervet i Helse Nordmøre og Romsdal etter bråket i vinter.
Foto: NRKSjukehusstriden har vekka sterke kjensler i regionen siste tida. I desember 2010 kom meldinga om at
av nye Molde sjukehus.At byggjestarten ikkje blir i 2012 gjekk inn på mange, og ordførar Jan Petter Hammerø (H) i Molde
.Midt i desember kom
for å prøve å skape ro rundt striden. , og diskusjonen om framtida til sjukehusa i Nordmøre og Romsdal heldt fram.Etter harde diskusjonar, og lekkasjar av dokument
seg frå sitt verv i Helse Nordmøre og Romsdal.No blir føretaket slått saman med Helse Sunnmøre, men også styresamansetninga i det nye føretaket
.Fram mot valkampen i haust har fleire parti sagt at dei vil jobbe for fire fullverdige sjukehus i Møre og Romsdal, eit løfte som styreleiar Kolbjørn Almlid i Helse Midt-Noreg meiner det er
.- SJÅ VIDEO:
- Må sjå på det som samlar oss
Likevel trur Fiksdal at ein kan leggje denne debatten til side når ein no skal sjå på framtida for regionane.
- Det trur eg. Det er sjølvsagt ein litt tung kamp som pågår samstundes med at me prøver å sjå litt inn i framtida, men den striden om sjukehusa må me greie å legge til side, seier han.
- Den blir handtert på andre arenaer. Me må heller sjå på kva som samlar oss, og kva som kan gjere oss betre gjennom samarbeid.
- Kan ikkje resignere
No vil han sjå langt fram. Det gjeld å finne ut korleis Nordmøre og Romsdal skal sjå ut om 20 eller 30 år. For tida etter at sjukehusstriden kjem er også viktig, meiner Fiksdal.
- Me kan ikkje setje oss ned å resignere på grunn av sjukehusstriden. Den saka kan ikkje få gjere oss handlingslamma opp mot det å løyse andre utfordringa som me vil møte i framtida. Her er ei rekkje ting å ta tak i, så det skal bli godt å kome i gang, seier Fiksdal.