Helseministeren skapte ikkje ro i Molde - Trur uroa aukar

Dei tillitsvalde i Molde sier dei er blitt haldne for narr. Dei trur ikkje det vert noko nytt sjukehus i Molde med Anne-Grete Strøm-Erichsen som helseminister.

Video Helseministeren i Molde

Følg helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen sitt besøk i Molde.

Etter møtet med helseminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen er dei tillitsvalde overtydd om at helseministeren vil skrinleggje planane om nytt sjukehus i Molde.

Bernd Müller

Tillitsvald Bernd Müller er overtydd om at det ikkje blir nytt Molde sjukehus med Anne-Grete Strøm-Erichsen ved roret.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Etter det vi har høyrt frå helseministeren i dag, blir det ikkje noko nytt sjukehus i Molde. Ho ønskjer å flytte deler av pasientgrunnlaget frå Molde til Ålesund, ho ønskjer å byggje nytt sjukehus på Nordmøre og å leggje ned i Molde, seier tillitsvald Bernd Müller til NRK.

– Molde skal vinne

Trass i at dei tillitsvalde er svært skuffa etter møtet i dag, trur likevel at det skal bli nytt sjukehus i Molde. Bernd Müller meiner at kampen ikkje er tapt.

– Vi skal vinne denne kampen. Det er heilt klart. Men det blir ikkje med noverande statsråd. Men ho må no reise heim til Jens Stoltenberg og forhøyre seg om kva som var avtalt i 2008. Jens Stoltenberg veit dette, og han må ordne opp i dette, seier Bernd Müller.

Er de blitt haldne for narr?

– Ja, det er vi blitt. Det har vi visst i ei veke no, seier Müller.

Sjå helsedebatten mellom KRF-leiar Dagfinn Høybråten og partisekretær i Arbeiderpartiet, Raymond Johansen, under (Dagsrevyen 14.12.10):

Video Helsedebatt

– Ho har ein skjult agenda

Også dei tillitsvalde i dei andre organisasjonane er samde med Müller, og meiner det var nedslåande å høyre helseministeren i dag.

Knut Ivar Egset

Tillitsvald Knut Ivar Egset trur uroa kjem til å stige.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Det blir ikkje noko nytt sjukehus i Molde med Strøm-Erichsen ved roret. Det vi høyrde i dag stadfester det vi heile tida har hevda. Ho har ein skjult agenda. I dag sa ho at det ikkje var sikkert at sjukehuset skal byggast på Eikrem i Molde. Det kan hende det blir ein annan plass, seier tillitsvald i Fagforbundet Knut Ivar Egset.

– Uroa kjem til å stige

Anne-Grete Strøm-Erichsen trudde brevet ho skreiv sist veke skulle skape ro om sjukehusstriden på Nordmøre og i Romsdal. I staden har ho fått uroa til å flamme opp. Mange trur no at uroa kjem til å auke i omfang.

– Uroa kjem til å stige. Vi skal halde fram med å arbeide i eit bygg som er ille. Samstundes skal dette no bli ein anleggsplass. Det er heilt fantastisk at ho kjem med slike uttalelsar, seier Egset.

Demonstrasjon Molde

Svært mange møtte fram med banner og faklar tysdag.

Foto: Per Jarle Heggdalsvik / NRK

– Helse Midt-Noreg har ikkje råd

Anne-Grete Strøm-Erichsen heldt altså fast ved at det ikkje skal byggjast nytt sjukehus før 2018. Ho meiner regionen dermed har god tid sjølv til å avgjere om det skal vere sjukehus både i Romsdal og på Nordmøre, eller om det skal byggjast eit felles sjukehus.

– Det er Helse Midt-Noreg sjølv som seier at dei ikkje har økonomi til å byggje før i 2018. Det har heile tida vore ein føresetnad at økonomien må vere i orden når ein skal byggje nytt, seier Strøm-Erichsen.

– Men dette har ikkje vore kommunisert godt nok, og du har fått sterk kritikk for prosessen .... Tek du sjølvkritikk?

– Dette har vore behandla i to styre, både lokalt og i regionen. Også dei må ta inn over seg at økonomien ikkje har vore til stade. Det hjelper ikkje å gjere eit vedtak om å byggje dersom økonomien ikkje er på plass, seier Anne-Grete Strøm-Erichsen.

– Eitt felles sjukehus kan vere eit alternativ

Helseministeren avviser at ho har bestemt seg og at ho går inn for å legge ned i Molde og bygge sjukehus på Nordmøre. Ho seier imidlertid at eit felles sjukehus kunne vere eit godt alternativ for Nordmøre og Romsdal.

– Det blir nytt sjukehus. Når det likevel er nokre år fram i tid må vi sjå på kva som er det beste prosjektet fram i tid. Ut frå befolkningsmengde og kravet til robuste fagmiljø, er det klart at eitt sjukehus kunne vere eit alternativ. Det var også difor eg ba om utgreiing av eitt felles sjukehus. Alternativet kjem også godt ut i rapporten frå Helse Midt-Noreg. Men eg har ikkje konkludert, seier Strøm-Erichsen.

– Betyr det at du ikkje vil love eit nytt Molde sjukehus nært Molde?

– Eg skal love eit nytt sjukehus. Men eg har ikkje teke stilling til noko alternativ. Der er eitt alternativ som vi kjenner til. Dette er på Eikrem i Molde. Eg utelukkar ikkje noko alternativ. Men dette må vi kome tilbake til, seier Strøm-Erichsen.