Hopp til innhold

- Eit løfte som er umogleg å halde

Kolbjørn Almlid reagerar på at parti etter parti lover veljarane fire fullverdige sjukehus i fylket.

Video Illusjon sjukehus

Fødeavdelingar og akuttfunskjonar vert lovd vekk over ein lav sko. Fire fullverdige sjukehus har vorte som eit mantra til politikarane når dei no førebur seg til val.

Styreleiar Kolbjørn Almlid i Helse Midt Noreg meiner løftet om fire likeverdige sjukehus i fylket vert økonomisk umogleg å halde.

- Det er ikkje realistisk, verken i Møre og Romsdal eller i andre fylke.

- Vi kan ikkje pøse inn pengar

Folkepopulisme er eitt av orda Almlid bruker om politikarane sine lovnader i sjukehussaka. Han har lenge vist til at dagens ordning ikkje kan verte stående.

- Vi kan ikkje pøse inn pengar, og vi har ikkje nok fagpersonell heller. Difor må vi gjere ting på ein annan måte for å nå fram.

- Meiner du at politikarane lurer folk?

- Eg skal ikkje seie at dei lurer folk, men det er på grensa til det dersom dei seier at det skal vere heilt likt på alle sjukehusa, slik som det har vore før.

Les:

- Ikkje eit langsiktig løfte

I helga gjekk også Møre og Romsdal Høgre inn for fire fullverdige sjukehus.

- Eg synest ikkje at det er populisme, seier Høgre sin ordførarkandidat i Kristiansund, Sissel Sæterøy.

Sæterøy sat også i det gamle styret for Helse Nordmøre og Romsdal. Ho ser på det meir som eit løfte om freding til det store biletet er avklart, ikkje eit langsiktig løfte.

- Eg trur i alle fall ikkje at vi i næraste framtid ser fire sjukehus i den forma vi har i dag. Eg trur framleis på at eitt felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal er det beste i framtida.

Likefullt er det bodskapen om fire fullverdige sjukehus som når ut til veljarane, uansett parti. Dette provoserer Kolbjørn Almlid.

- Vi er inne i ei nytenking som vi må halde fram med. Fire fullverdige sjukehus er urealistisk, og at vi faktisk må åtvare mot at vi seier til folk at alt skal vere slik som før.