Hopp til innhold

- Håpte på eit styre med blanke ark

- Eg er litt skuffa, for å seie det enkelt. Det seier Arbeidarpartiveteranen Harald Stokke om det nye styret i Helse Møre og Romsdal.

Harald Stokke

SKUFFA: Ap-veteran Harald Stokke er skuffa over det nye styret i Helse Møre og Romsdal.

Foto: NRK

Skuffelsen kjem etter at det torsdag vart kjent at John Harry Kvalshaug blir fyrste styreleiar i det nye helseføretaket.

Stokke, som tidlegare var ordførar i Kristiansund, har kjempa for sjukehuset i nordmørsbyen, og er skuffa over at Kvalshaug, som har vore med på vedtak mot sjukehuset, får halde fram.

Styret presentert torsdag

- Eg håpte, og trudde, at når me no får eit styre for heile Møre og Romsdal, så ville me få ein styreleiar som ikkje har vore med på tidlegare vedtak. Det var mitt håp, men det har altså ikkje skjedd, seier Stokke.

I slutten av februar var Stokke framme med forslag om at alle tidlegare styremedlemar måtte droppast frå styret i det nye helseføretaket. Det skjedde altså ikkje, og torsdag vart desse presenterte då styret i Helse Midt-Noreg hadde møte.

John Harry Kvalshaug

NY STYRELEIAR: John Harry Kvalshaug blir fyrste styreleiar i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Trond Vestre / NRK
  • John Harry Kvalshaug (leiar)
  • Petter Bjørdal (nestleiar)
  • Britt Sølvi Flem
  • Marthe Styve Holte
  • Rigmor Brøste Kjersem
  • Svein Anders Grimstad
  • Torbjørg Vanvik
  • Harald Topphol
  • Knut Ivar Egset
  • Charles Austnes
  • Trine Sevaldsen

- Vanskeleg å gå vekk frå tidlegare vedtak

No meiner Stokke at det nye styret tek til med ein ryggsekk, som gjer at tidlegare vedtak vil hefte ved dei vidare, i staden for å skape ro.

- Eg reknar med at når dei har vore med på vedtak som i alle fall ikkje har tent Kristiansund, så er det vanskeleg for dei å gå heilt vekk frå det. Det er jo gjort vedtak om at ein skulle kutte akutt og føde frå Kristiansund, eit vedtak som berre er sett på vent. No håpte eg at ein skulle få med folk utan ryggsekk, for å seie det på den måten, seier han.

- Ville fått meir ro

Enkelte av styremedlemane er nye, men Stokke håpte at alle skulle vere det, og at ikkje noko ballast skulle vere med frå tidlegare styreverv.

- Det trur eg ein ville tent på, og me ville fått meir ro rundt dette. No har me fått ein styreleiar som har vore med på ein del vedtak som me er djupt ueinige i, og det er litt uheldig.