Hopp til innhold

Bli med på tomat­festival!

Store og små. Røde, grøne, gule, oransje og lilla. Heile verda elskar tomat. På Finnøy i Rogaland har dei faktisk sin eigen tomatfestival. Kan DU dei beste rettene?

Tre retter med tomat: Bruschetta, italiensk tomat­suppe med grønnsaker, bønner og pasta - og Insalata Caprese.

Ta med tomaten på brødet, i suppa og i salaten.

Foto: VEGARD BLAKSTAD/MIA FROGNER/OLE ANDREAS BØ/SAMMENSATT AV NRK

Vi startar med ein italiensk klassikar: Bruschetta. Rista brød, tomat, basilikum og kvitløk. Eller skinke, avokado, mozzarella og raudløk. Ha på det du liker – og tomat.

Tomatsuppe finst i mange variantar. Her er ein italiensk med pasta og grønsaker. Den er skikkeleg god.

Du kan bruke tomatar i nesten kva som helst pastarett. Godt med knuste tomatar på boks – best med ferske.

Salatar kan også varierast i det uendelege med dei ulike tomatsortane og ikkje minst ulike grønsaker, urter og krydder. Vi har valt oss ut to vi elskar.

Det er vanskeleg å tenkje noko anna enn gode tankar medan du et ein heimedyrka tomat.

Lewis Grizzard (1946-1994)

Insalata Caprese, sjølvsagt. Italiensk klassikar som består av mozzarella, tomatar, basilikum og balsamico.

Lag din eigen ketchup. Gløym Idun og Heinz. Finn fram chili, kvitløk, ingefær, nellik, muskat og pepar – denne ketchupen sparkar frå.

Det gjer denne òg. Ein marmelade som passar godt til grillmaten.

Eller tomatsalsa som dipp til tortillachips eller til tacoen. Herleg.

Tomatar kan også tørkast. Dei varer nærast evig viss du tørkar dei eller legg dei i olje. Og dei kan brukast undervegs i tørkeprosessen òg. Halvtørka tomatar er fantastisk godt til kjøtt og fisk, i sandwichen eller til tapas.

Hugsar du den populære filmen «Steikte grøne tomatar» frå 1991? (Og dei raude kan steikast, dei òg.)