Hopp til innhold

Ni nydelege med sjokolade

Kalde kveldar og uvennleg vêr. Det er verkeleg tida for å kose seg med sjokolade. Vi har henta fram det beste sjokoladesnadderet vi har. Konsentrert nyting.

Firkløverkake i langpanne

Saftig, søtt og syndig – ei av dei betre kakene som finst.

Foto: Tone Rieber-Mohn / NRK

Er ansiktet fura og vêrbit? «Ruskutt aa leggja ut paa»? Kaldt, bratt og grått? – Det meste blir betre med sjokolade. Lun deg til under teppet og la smaken smelte utover tunga.

Og gjer det enkelt viss du treng. Det enkle er ofte det beste.

Seige og søte, sånn skal kjeksen vere. Helst skal dei vere nybakte og varme til kalde hender som kjem inn etter leiken.

TV-godt? Sjekk ut sjokopops med nøtter og krydder du liker.

Du treng ikkje vere spesielt flink for å ta sjokoladen på eit heilt anna nivå. Til sjokoladen er bringebær nydeleg kontrast både farge- og smaksmessig.

Sjokolade i koppen. Lag den som konditoren liker den best – med appelsinskal, chili, kanel og vanilje.

Den liknar ei salamipølse, men er ei nydeleg kake – med mykje sjokolade og nøtter.

Fått deg ein liten knekk? Lag knekk.

Kosen blir teken til ein eliteserien med sjokolade i glaset – saman med kaffi, whisky og krem.

Og sjølvsagt dronninga av alle sjokoladekaker. Denne er heilt i toppen på kakene nordmenn liker best. Glasuren er like herleg som kaka er enkel å lage.

NRK Mat har også mykje anna godt med sjokolade.