Hopp til innhold

Koppkaker og dessertar på glas

Enkelt, lekkert og gøy. Ingen vits å lage ei heil kake viss du berre treng to–tre porsjonar. Så lag desserten i eit glas eller en kopp.

Små sjokoladekaker med kaffe, whisky og krem

Koppkake eller «cake in a cup». Stadig fleire blir glad i desse enkle og delikate kakene.

Foto: Tone Rieber-Mohn / NRK

«Cake in a cup» er genialt når du er lysten på noko godt og ikkje føler for å bake noko større. I tillegg er det delikat å få servert ein ferdig porsjon herleg dessert. Miniutgåva av tiramisu kallar Nigella Lawson for tiramisini.

To geniale koppkaker, ein med vanilje og ein med sjokolade. Sleng ingrediensane i ein kopp, ha kjapt i mikroen og vips så har du gøy koppkaker.

Kva med solgul og frisk sitronpai? Lise Finckenhagen leker seg med kjeks, sitron og marengs, nok til seks porsjonsglas.

Blautkake kan lett blir lagvis laga i porsjonsglas. Denne gir ein smak av Asia, med vaniljekrem, friske bær og sitrongras.

Du kan også leike deg og eksperimentere med kakeoppskrifter du allereie kan og liker. Eller prøve deg på denne med friske bær.

Elegant servering. At eple, jordbær og ein klatt mascarponekrem kan vere så godt.

Hipp hipp! Vi byr på «takeaway» ostekake med kjeks, ostekrem, og jordbær lag på lag. Då er det fest.

Og til slutt: Ein til kvar, med kaffi, whisky og krem. Dette er Lise Finckenhagen si utgåve av «whisky in the jar». Dropp gjerne whiskyen om du føretrekkjer det.