Hopp til innhold

Ni kaker til fest

I mai startar festsesongen for alvor. Om du har konfirmasjon, barnedåp, bryllaup eller berre lyst på noko godt, finn du garantert ei kake her.

Bryllupskake i tre etasjer

Nedst: gulrotkake med ostekrem. I midten: mokkakake med sjokolade og rom. Øvst: sitronkake med vaniljekrem og bringebær. Oppskrifta finn du nedst i saka.

Foto: Eva Robild / SVT

Bryllaupskake

Når det skal feirast er Lise Finckenhagen sitt forslag ei frisk kake med marsipanlokk. Her har du oppskrifta på ei festkake med sitronkrem og rørte bringebær.

Festkake

Sukkerbrød med vaniljekrem blir ekstra pynta når du legg halve jordbær langs kanten. Marit Hegle viser korleis du får det til.

Nydeleg vaniljekake

Tre-lags vaniljekake med bringebærkrem, kvit sjokoladesmørkrem og marsipanlokk. Silja Kristianne Uteng pyntar si vaniljekake med lyserosa roser.

Rustikk sjokoladekake

Bakeentusiasten og bloggaren Linda Lomelino skapar ei herleg rustikk sjokoladekake med mascarpone og bær.

Blautkake

Kakekrigen-vinnar Silja Kristianne Uteng deler sin variant av blautkaka med kvite roser.

Gulrotkake

Finn fram kanel, kardemomme, ingefær og nellik frå krydderskuffen, tilrår Lise Finckenhagen. Alt høyrer til i gulrotkaka saman med rivne gulrøter, nøtter og kokosmasse. Ostekremen får smak av lime og ekte vanilje.

Marsipankake

Her er Lise Finckenhagen si oppskrift på marsipankake med botn basert på pistasjnøtter og fylt med rørte bringebær og sitronkrem.

Bringebærostekake

Lag på lag-ostekake med bringebær i ostemassen og bringebærgelé frå Marit Hegle.

Suksessterte

Lag på lag med gul krem slår aldri feil. Suksessterta ser imponerande ut med tre lag mandelbotn, tre lag gul krem og sjokoladeglasur på toppen. Marit Hegle tar deg gjennom oppskrifta steg for steg.

Bryllaupskake med tre lag

Du må rekne med å bruka eit par dagar på jobben, men om du tar den, får du ei tredelt fest- eller bryllaupskake beståande av gulrotkake med ostekrem, mokkakake med sjokolade og rom og sitronkake med vaniljekrem og bringebær.