Hopp til innhold

Påske­snadder – åtte glade tips

Smågodt er digg, det. Men ingenting er så godt som heimelaga kaker, søtt og bakst. Påska «poppar» når heimen og hytta blir fylt av herlege lukter, smak og påskefargar.

Påskeboller

Boller som gjer stor lykke hos både små og store. Ha konditorfargen klar og boltre deg med fargar og krem.

Foto: Marit Hegle

Små påskeporsjonar med dessert – dei er så flotte og utruleg gode. Server kjeks, sitronkrem og marengs på glas.

Denne suksessterta har både farge og smak av påske – den er ein fryd å sjå på. Glutenfri er den også. Terta har fått eit ekstra lag med mandelbotn og ein topp av luftig mjølkesjokoladekrem med appelsinsmak.

Gule bollar gir glade ungar. Dei er bakte med appelsinbrus, vaniljekrem, gul melisglasur og eit dryss av Kvikk Lunsj. Meir påske enn det blir det ikkje.

La barna pynte sine eigne marengs. Finfin påskeaktivitet for store og små. Berre å leike seg fram med godsakene.

Herleg med dessertar som kan lagast i ei brenning også. Appelsin-filetar med vanilje, sjokoladebitar og ein klatt krem. Fungerer som fy.

Så to sterke påskekaker. Ein klassikar og ein med pasjon.

Desse fargerike og freistande bollane er fylte med herleg vaniljekrem. Dei smaker like godt utan konditorfarge, men pynten gjer verkeleg susen.