Hopp til innhold

Kongemat til påsketuren – 10 sterke forslag

Raude kinn, småsveitte kroppar og latter i godpraten. Forventninga når turmaten skal fram. Og den skal helst vere kjempegod – og lettvinn. Vel blant 10 nydelege nister.

Piknikpaier med karrikrydret potetfyll

Maten er høgdepunktet under påsketuren. At den smaker nydeleg er viktigast. Nesten like viktig er at han er lett å lage.

Foto: Tone Rieber-Mohn / NRK

Lunsjmuffins er genialt både som frukost, lunsj og nistemat. Grove rundstykke fylte med skinke, ost, paprika og vårløk. – Eller fyll dei med det du har i kjøleskapet.

Lapper, vaflar og pannekaker er alltid velkomme. Gjer det enkelt med sukker eller syltetøy, eller du lagar fest med opphakka banan og bær.

Du kan også smelle saman focacciadeig og lage bollar. Ekstra kjapt går det om du kjøper fyllet, så kan du lage både middag- og dessertbollar.

Mest lyst på varm ostesandwich? Her får du trikset som held han varm under turen.

Syndig, søtt og snadder. Kort og godt.

Pastasalat laga på førehand. Raskare middag får du nesten ikkje.

Små trekantar som du et med hendene – og med alt det gode inni. Praktisk og godt. Poteter, «grønt» og karripasta er pakka inn i butterdeig.

Har du bål eller stormkjøkken er moglegheitene enorme. Da kan du lage alt frå gryteretter, pytt i panne, omelettar og graut.

Og sjølvsagt den obligatoriske på termosen.