Hopp til innhold

Billig og godt i januar

Vi er mange med ein sørgeleg bank-konto i januar. Men vi treng ikkje ete kjipt og kjedeleg av den grunn. Det er fullt mogleg å laga herlege retter med lite.

En collage av 6 retter: Tomatsuppe, svinekoteletter, kikertsuppe, spaghetti med sitron og ost, havregrøt og brødomelett.

Sunn, god og billig mat for stramme matbudsjett.

Foto: DR/Rolf Tikkanen Øygarden/ Ole Andreas Bø/Kristin Hjelstuen/Agnete Daae-Qvale Holmemo/NRK

Bruk billige og dryge råvarer.

Havregryn, ris, poteter, pasta, egg, yoghurt, nudlar, tunfisk i vatn, hakka tomatar, belgfrukter, linser, kikerter, sesonggrønsaker- og frukt er gode døme på dette.

Lag graut. Havre er spesielt billig og sunt. Og du kan variera med tilbehøyr i det uendelege. Sukker, kanel, nøtter, frukt, ulike typar mjølk. Alt frå kvardags til luksus.

Ikkje kast restar. Bruk restane som pålegg eller i omelettar, gryteretter, wraps eller på pizza.

Svinekotelettar lagar ikkje dei styggaste innhogga i budsjettet. Ein god, gammal klassikar som kotelettar med brun saus og kokte poteter smakar framleis like godt, sjølv om nye middagsvanar blir etablerte. Prøv denne.

Får du ikkje brukt opp grønsaker og frukt, kutt dei opp og frys ned. Det gjeld andre matvarer òg. Bruk dei i gryteretter eller i desse suppene.

Sjå gjerne etter mat som er sett ned i pris på grunn av datomerkinga. Og hugs, du treng ikkje ete kjøtt kvar dag.

Spar pengar ved å gi meir plass til grønsaker i maten.

Linser, bønner og kikerter er superbillig og kjempegodt. Dette er svært næringsrik mat og kan lett erstatta store delar av kjøttet – eller heilt.

Og så gratengar og alt-i-eitt-middagar i form. Bruk desse oppskriftene som utgangspunkt, og leik deg med råvarene og restane du har.