Hopp til innhold

Alt i eitt og gode gryte­rettar

Trøytt og travel? Mange til middag?
Livet blir garantert lettare – og smaker betre – om du går for middagar der alt skal i éi gryte. Me har samla ni «gromgode» gryter for deg.

Collage med fire retter: Ali-i-ett-pasta, brun lapskaus, Buff burgund og lapskaus.

Masse gode smaker, minimal innsats og ikkje noko oppvask.

Foto: Lise Finckenhagen, Tone Rieber-Mohn/SATT SAMMEN AV NRK

Varme, rike og smakfulle gryteretter passar til både kvardags og fest. Du lager og serverer alt i ein og same gryte.

Gryteretter er også ein fin måte «å lure» grønsaker i ungane. Godsakene blir blanda på perfekt vis.

Dei fleste av oss har ofte smårestar av ulike grønsaker i kjøleskapet. Ikkje kast dei, få dei i gryta. Det er både godt, klimavennleg, sunt og økonomisk.

Og me må sjølvsagt ha med klassikarane: Fiskegrateng, Biff Burgund, norsk lapskaus og irsk Shepherd's pie. Desse er gøy å kunne – og dei er populære av ein grunn.

Gryteretter er også favoritt i andre verdsdelar. Me tek med eit par frå Thailand og India som norske ganar vil elska.

NRK Mat har eit heilt univers av gryter, gratengar og one-pot-middager. Ta for deg.