Hopp til innhold

For stor for treningstøy

Er du overvektig, er det nesten umogeleg å få kjøpt treningskle som passar. - Eg trur det er meininga at du skal sitte heime og vente til du blir tynn, seier Anne Marie Halvorsen.

Stor størrelse

Sportsbutikkane sel nesten ikkje tøy i store storleikar.

Foto: Colourbox.com

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Anne Marie Halvorsen

Anne Marie Halvorsen er glad i å gå tur, men skulle gjerne fått tak i turkle i sin storleik.

Foto: Rune Hansen / NRK

Dei fleste sportsbutikkar sel nesten ikkje treningskle i store storleikar.

– Det er vanskeleg å finne fritidskle som passar til meg. Er du stor, så trur eg det er meininga at du skal sitte heime og vente til du blir tynn, seier Anne Marie Halvorsen til NRK Forbrukerinspektørene.

Ho er glad i gå tur, både om sommaren og vinteren, men slit med å finne klede til den bruken i sin storleik.

Ho brukar to eller tre X'ar, men det er nesten umogeleg å finne noko som er over XL til kvinner. Nokre merke leverer XXL, men då er utvalet lite. For Anne Marie blir det òg for lite.

Ikkje same kvalitet

Kleda ho i dag brukar når ho går tur har ho anten spesialbestilt eller kjøpt på butikkar for overvektige. Dei kleda har for eksempel ikkje dei same pusteevnene som vanleg sportstøy har.

– Eg veit at ein kan gå tur i alle slags kle og syns at det er heilt greitt. Men då kjenner ein seg ikkje like fin, og slik bør det ikkje vere. Enda du er større enn normalen, skal du få kjenne deg både komfortabel og elegant ute i løypa.

Butikkane ser problemet

Håvard Larsen, Intersport

Intersport sin butikksjef, Håvard Larsen, meiner det er kjedeleg å ikkje kunne tilby kle i alle storleikar.

Foto: Rune Hansen / NRK

I Norge er 26 prosent av oss overvektige, altså at vi har ein BMI på over 27.

10 prosent av dei igjen har ein BMI over 30, som då går innanfor kategorien fedme. Og vi har berre økt dei siste åra.

– Det er ikkje noko kjekt å ikkje ha varene. Vi vil gjerne ha varer til alle, men det er dessverre eit problem. Dei varene vi har i butikkane er ofte til gjennomsnittspersonen, fortel butikksjef i Intersport, Håvard Larsen.

Produsentane tek tak

Trond Evald Hansen, Sportsbransjen AS

Sportsbransjen seier at det vil kome større storleikar i butikkane framover.

Foto: Rune Hansen / NRK

Sportsbransjen meiner det ikkje har vore stort nok sal av så store storleikar til no, men butikkane ser at fleire og fleire ikkje får tak i store nok storleikar i denne typen klede.

– Vi får fleire og fleire spørsmål om det, bekreftar varehussjef i XXL, Thomas Larsen.

Og no kjem produsentane på bana og ser at folk berre blir større og større.

– Eg er sikker på at allereie til neste år vil tilbodet bli betre. Ved at det vil bli større storleikar tilgjengeleg for den forbrukaren som etterspør det, seier administrerande direktør i Sportsbransjen AS, Trond Evald Hansen.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)