Hopp til innhold

Berre ein av ti ønsker meir hytter og oppdrett

Folk er lei av for mykje bygging og tap av natur, viser ny spørjeundersøking. Dei fleste synest ikkje at myndigheitene gjer nok for å stoppe øydeleggingane.

Blefjell sett fra lufta

På Blefjell har det vore bygd ut store nye hyttefelt i verdifull natur i seinare år.

Foto: NRK

Vil du verne natur eller bygge hytter? I ei spørjeundersøking frå Opinion vil 67 prosent verne naturen, mens 12 prosent er for meir hyttebygging. 21 prosent er usikre.

Undersøkinga viser at folk flest vil ta vare på naturen.

– Svara viser at den enorme bit for bit-nedbygginga som i lang tid har fått fortsette i Noreg, har lita støtte. Det er brei einigheit om at desse øydeleggingane no må bli stoppa, seier Ola Elvestuen (V).

Opinion har stilt «bevaring og gjenoppretting av sunne fjordar med mangfaldig liv» opp mot «meir fiskeoppdrett». 75 prosent vil bevare fjordane, berre 9 prosent vil ha meir oppdrett.

Deltakarane har fått fleire spørsmål om dilemma mellom vern og vekst:

Overraskande vilje til vern

Konfliktar som gruvedrift på havbotnen, forureining frå fiskeoppdrett, og utbygging av E6 i Lågendeltaet har gjort kostnadane ved inngrep i naturen tydelege, ifølge Sunneva Kilsti i Opinion.

– NRK sine reportasjar om tap av natur i Noreg dei siste 5 åra, og serien Oppsynsmannen, har nådd ut til mange. Det er likevel overraskande at så mange ønsker vern framfor utvikling.

Skjermdump fra Oppsynsmannen

Bård Tufte Johansen intervjuer Marit Beate Kasin om planlagt hytteutbygging.

Med klare fleirtal for vern framfor samfunnsgode som vegar, arbeidsplassar, og tilgang på kritiske råstoff, er det ifølge Opinion tydeleg at folk meiner det er viktig å ta meir omsyn til natur og matjord enn det som er tilfellet i dag.

Berre 12 prosent meiner at storting og regjering gjer nok for naturen:

På kollisjonskurs?

Tala tyder på at folk vil ha ein «heilt anna og betre» naturforvaltning, meiner Sofie Marhaug i Raudt.

– Det er openbert at det har vore mangel på politisk styring, seier Marhaug, og peikar på tidlegare regjeringar styrt av Høgre og Arbeidarpartiet.

For MDG-leiar Arild Hermstad er spørjeundersøkinga gledelege nyheiter.

– Denne undersøkinga viser at regjeringa, Høgre og Frp er på kollisjonskurs med befolkninga.

Hermstad peikar på at desse partia har stemt ned stortingsforslag om å avgrense hyttebygging, ivareta myr og skog, og rydde opp i fiskeoppdrett.

Rødts Sofie Marhaug og MDGs Arild Hermstad under en stor markering av ettårsdagen for den historiske Fosen-dommen, der reindriften vant over staten i striden om vindkraftutbyggingen på Fosen. Arrangementet finner sted på Eidsvoll plass, utenfor Stortinget

Arild Hermstad i MdG og Sofie Marhaug i Raudt har stått saman mot regjeringa før. Her ved eittårsmarkeringa for Fosen-dommen.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Følger opp

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) avviser at regjeringa kolliderer med eigne innbyggarar i naturpolitikken.

Onsdag la dei fram forslag til nye retningslinjer for arealbruken i kommunane. Der ber regjeringa om fortetting i staden for nye hyttefelt. Regjeringa vil stramme inn arealbruken i pressområde i og rundt byane, men samtidig gi meir fridom til distrikta.

Klima og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen isfisker

– Eg veit kor sentral naturen alltid har vore og framleis er for folk i Noreg. Eg er glad denne undersøkinga bekreftar at det framleis er slik. Regjeringa sin politikk følger opp dette, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen. Her på isfiske ved ei tidlegare anledning.

Foto: Den Norske Turistforening

Klima- og miljøministeren meiner at den sterke oppslutninga opnar for meir kraftfulle verkemiddel enn før – men utan statleg overstyring.

– Vi treng å styrke og forbetre forvaltninga av natur. Eg trur likevel ikkje forbod og rammer som ikkje samtidig legg til rette for lokaldemokratiet, vil stå seg over tid.

Grå arealer

Kommunene konkurrerer om å ødelegge natur. Ligger løsningen her?

Les også Her er Norges største natur­inngrep

Collage med byggefelt