Hopp til innhold

Vil kutte bandet mellom utbyggjarar og naturkartleggjarane

Utbyggjarar som vil øydelegge naturen, har også ansvaret for å finne ut kva den er verdt. No vil fleire partiar få slutt på ordninga.

Sofie Marhaug er stortingsrepresentant for Rødt.

Raudts Sofie Marhaug går saman med KrF, Venstre, MDG, SV og Pasientfokus for å skape hovudbry for utbyggjarar.

Foto: Ihne Pedersen

– I dag kan utbyggjarar shoppe konsekvensutgreiingar. Dei legg strenge føringar. Om dei er misnøgd med ein rapport, kan dei kjøpe ein ny frå eit anna firma. Denne praksisen inneber at naturen tapar, seier Sofie Marhaug.

Ho er miljøpolitisk talsperson i Raudt. No har dei gått saman med fire andre parti om at det ikkje lenger er utbyggjar som skal bestille utgreiinga av naturverdiane i området.

Bård rydder på havbunnen, klatrer opp i et tårn og drar til et område der noen har brukt mye dynamitt.

Klipp frå Oppsynsmannen på NRK TV

I februar viste NRK at han som greia ut næringsområdet Grenlandsporten vart medeigar i utbyggingsselskapet. Før han vart medeigar, hadde konsulenten fastslått at inngrepet hadde berre middels negative konsekvensar for naturen. Naturkartleggjarane meinte konsekvensane eigentleg var svært store.

– Dømet NRK viste var heilt ekstremt. Vi treng ei opprydding og ei betre forvalting, for systemet fungerer ikkje i dag, seier Marhaug.

Les også Naturutredet og utradert

Lønnebakke sommer-6

Har ikkje tillit

I 2021 undersøkte NRK bindinga mellom utbyggjarar og dei konsulentane som skal undersøke naturverdiane. Da svarte 12 av 13 naturkartleggjarar at dei vart påverka av omsynet til utbyggjarane.

Morgenbladet har skrive om korleis AF-gruppa truga med ikkje å betale for ei naturkartlegging frå Biofokus, med mindre selskapet endra «tonen» i rapporten.

– Eg er bekymra for at dei som øydelegg natur, bevisst lar vere å rapportere om kor mykje dei faktisk øydelegg, seier Lars Haltbrekken i SV.

Venstres Ola Elvestuen meiner utgreiingane ofte er altfor dårlege. Une Bastholm i MDG seier det er openbert at dagens system ikkje klarer å beskytte naturen. Kjell Ingolf Ropstad (KrF) er samd.

– Når store prosjekt med nedbygging av natur hamnar på folkevalde sitt bord, må dei kunne stole på konsekvensutgreiingane som følgjer med, seier Ropstad.

Les også Utbyggere kjøper konsekvensutredninger – naturen kan tape

Fotomontasje

Mindre makt, mindre utbygging?

Raudt har ikkje noko klart svar på kven som bør få ansvaret, dersom utbyggjarane ikkje skal ha det. Men Marhaug ønsker seg ei styrking av den offentlege naturforvaltinga.

Dersom utbyggjar framleis betalar, trur ho ikkje meir bemanning vil bli så kostbart.

– Det vil avgrense utbyggjarane si makt. Da kan det også ende opp med at dei ikkje får byggje like mykje. Om utbyggjar har større sjanse for å få nei, vil vi også sjå færre søknadar om utbygging, seier Marhaug.

Regjeringa skal vurdere

Det er tredje gongen Raudt freistar å redusere makta til utbyggjarane. Fem av partia foreslo det same i fjor vår, men da blei dei kraftig nedstemt i Stortinget. Sidan den gang har dei fått med seg Pasientfokus si eine stemme på laget.

– No følast det som at det er litt bevegelse fordi desse sakene har fått veldig mykje meir merksemd dei siste månadene. Eg trur fleire forstår kor alvorleg det er, seier Marhaug.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen seier til NRK at regjeringa allereie er i gang med å revidere forskrifta om konsekvensutgreiingar.

– Ein viktig del av dette arbeidet blir å undersøkje korleis vi best kan sikre gode og objektive konsekvensutgreiingar, og korleis vi best kan sikre at utgreiingane ikkje blir påverka av utbyggjar. Band mellom utbyggjar og den som greier ut vil vere ein del av det regjeringa vurderer, seier statsråden.

Bård blir kastet ut på en reise i et land med skog som ikke er skog og fjord som ikke er fjord. Forstå det den som kan.

Bård blir kastet ut på en reise i et land med skog som ikke er skog og fjord som ikke er fjord. Forstå det den som kan.