Hopp til innhold

Historisk brev frå politikarane: – Overveldet på vegne av alle som er utsette for dette

Partia i justiskomiteen ser med bekymring på at politifolk mistar sikkerheitsklareringa si. No arbeidar EOS-utvalet med undersøkingar.

X, storting 2

Xander Radpey er blant politifolka som den seinare tida har mista sikkerheitsklareringa si. Her følger han spørjetimen i Stortinget i haust, der fleire politikarar har stilt spørsmål om praksisen.

– Eg er overveldet på vegne av alle som er utsette for dette. Eg er glad for at dei har skjønt alvoret, seier Xander Radpey.

Eks-spanaren er ein av fleire tilsette i politiet som etter årevis i teneste mista sikkerheitsklareringa. Grunnen dei har fått er tilknytinga si til eit anna land enn Noreg.

I sist veke bad ei samla justiskomité om at saker som dette, blir sett under lupa hos EOS-utvalet.

– Det er eit uttrykk for ei felles bekymring for at dei som skal trygge Noreg, ikkje får høve til å trygge Noreg, seier leiar Helge André Njåstad (Frp).

Komité på turné

I tida etter at Xander og kollegaene hans stod fram, har Stortingets justiskomité hatt det travelt.

Dei har besøkt Nasjonalt tryggingsorgan (NSM), Sivil klareringsmyndigheit (SKM) og Politiets tryggingsteneste (PST) – alle ansvarlege for klareringa av norske politistyrkar.

Helge Andre Njåstad

Helge André Njåstad er fersk leiar i Stortingets justiskomité: – Sikkerheitsklarering er i seg sjølv ein tryggleiksfaktor. Samtidig er det viktig å kunne rekruttera rette folk, seier han om brevet dei no har sendt til EOS-utvalet.

Foto: Tor-Arne Vikingstad / NRK

Målet har vore å finne ut om deira vurderingar av kven som skal ha tilgang til Noregs hemmelegheiter, blir gjort på ein rett og rettferdig måte.

– Det er mykje informasjon som me ikkje har tilgang til, anten på grunn av teieplikt eller av omsyn til tryggleiken i riket.

Med på turen var blant anna nestleiar i komiteen, Hadia Tajik (Ap). Ho beskriv besøka som nyttige, og svara ho fekk som reflekterte.

– Vi ser likevel behovet for å skaffe oss eit samanlikningsgrunnlag mellom dei tre etatane, gjort av ei ansvarleg tilsynsmakt, seier ho.

Hadia Tajik og Frode Jacobsen

Hadia Tajik (Ap) er første nestleiar i Stortingets justiskomité.

Foto: Tor-Arne Vikingstad / NRK

Nå er besøksrunden avslutta. Og han har ført til at fraksjonsleiarane for alle partia i justiskomiteen, har skrive eit sjeldan brev til EOS-utvalet.

Bekymra for sikkerheita

I brevet skriv dei at det er eit behov for at utvalet, som fører kontroll med dei hemmelege tenestene, samanliknar praksisen på tvers.

Dette for å sikre at han er «einskapleg og formålstenleg» for personar i politiet som bidrar til nasjonal sikkerheit.

Vi mener det er behov for at det sees nærmere på problemstillingene rundt sikkerhetsklarering av ansatte i politiet med tilknytning til stater vi ikke har sikkerhetssamarbeid med.

Brev til EOS-utvalget

Cato Ellingsen (SV) seier at det er første gong eit så stort stortingsfleirtal sender brev til utvalet.

Det er første gong at EOS-utvalet får ein førespurnad frå alle fraksjonsleiarar i justiskomiteen på eit felt. Det vitnar om eit tverrpolitisk stykke arbeid som er nytt.

Sveinung Stensland

Etter fleire rundar i Stortingets spørjetime, håpar også Sveinung Stensland (H) at EOS-utvalet kan sjå på saka om sikkerheitsklareringar i politiet. I forgrunnen er Ingvild Wetrhus Thorsvik (V).

Foto: Tor-Arne Vikingstad / NRK

Ein av grunnane til at dei tar grep, seier Ellingsen, er at dei ser ei praksisendring som dei ikkje har bede om.

Les også NSM sier de ikke har endret praksis. Men i politiet ber flere om hjelp.

Ørjan Hjortland i Politiets Fellesforbund

– Det er openbert at det innanfor politiet har skjedd ei endring, utan at det har vore uttrykt frå verken Stortinget eller departementet si side.

EOS-utvalet arbeider uavhengig av Stortinget, og kan ikkje instruerast. Samtidig kan dei ta opp saker som har vore gjenstand for offentleg kritikk på eige initiativ.

(...) Også urettmessige avslag på sikkerhetsklarering vil kunne være en langsiktig sikkerhetsrisiko ved at vårt politi ikke nødvendigvis vil besitte nok relevant kompetanse til å bekjempe et sammensatt trusselbilde.

Brev til EOS-utvalget

Det vil dei nå gjera.

EOS-utvalet: – Arbeidar med undersøkingar

Leiar Astri Aaas-Hansen i EOS-utvalet skriv i svaret sitt at dei er kjende med problematikken, på bakgrunn av «offentleg framsett kritikk og brei mediedekning».

Nå arbeider utvalet med undersøkingar som tek for seg fleire av forholda i brevet til justiskomiteen.

– Utvalet vil orientera Stortinget om resultat og funn i årsmeldinga, eller i ei særskild melding dersom det blir avdekt forhold Stortinget straks bør kjenna til, skriv leiar Astri Aas-Hansen i svaret.

Håpar på lovendring

Polititilsette som er ramma av praksisen, håpar på ei lovendring.

– Mitt håp er at vi oppdaterer lovverk og praksis, slik at vi heng med i dagens multikulturelle samfunn. Vi treng kulturell forståing, språkkompetanse og ulike bakgrunnar ikkje berre i politiet, men i alle sektorar, seier Radpey.

X, møte hjemme

Xander Radpey har fått landsbakgrunnen sin frå Iran som grunngiving for å mista sikkerheitsklareringa si. No jobbar han med administrative oppgåver i politiet.

Også Endre Tou, som delte historia si før jul, håpar initiativet får konsekvensar.

– At justiskomiteen vel å sende eit slikt brev etter å ha vore på synfaring, seier sitt, seier han.

Les også Politimannen hadde hørt rykter i årevis: – Dette er en farlig praksis

E10

– Det er gledeleg at dei ser på den langsiktige sikkerheitsrisikoen som denne praksisen avslører. Det er viktig at EOS-utvalet følger opp.

Nestleiar Ørjan Hjortland i Politiforeningen seier at dei vil jobbe vidare med saka, uavhengig av om praksisen er i tråd med regelverket eller ikkje.

– Vi har framleis eit problem som omhandlar at politietaten mistar kritisk kompetanse. Dette er kompetanse vi treng for å løyse samfunnsoppdraget og verne sikkerheita i riket.