Hopp til innhold

Ukjent Nikolai Astrup-verk funne i USA

Oppdaginga får ekspertar til å skjelve av begeistring.

"Gray Spring Evening with Fruit Trees in Bloom, 1909" av Nikolai Astrup.

Verket «Grå vårkveld og blomstrende frukttrær» frå 1909 inneheld uvanlege detaljar til å vere laga av Astrup.

Foto: Bruce White / Clark Art Institute i Williamstown

Verket «Grå vårkveld og blomstrende frukttrær» frå 1909 inneheld uvanlege detaljar til å vere laga av Astrup.

Foto: Bruce White / Clark Art Institute i Williamstown

Den naturalistiske biletkunstnaren frå Jølster i Vestland kan få sitt USA-gjennombrot 93 år etter sin død. Den første Nikolai Astrup-utstillinga i Nord-Amerika nokosinne opna nyleg ved anerkjente Clark Art Institute i Massachusetts.

Utstillinga «Ut av skyggen» inneheld nær 100 kjende og ukjende verk av kunstnaren.

– Vi har ganske god kontroll på kor Astrup sine bilete oppheld seg. Men i prosessen med å lage utstillinga dukka det opp andre private samlingar som vi ikkje visste om, fortel Petter Snare, direktør ved kunstmuseet KODE i Bergen.

Petter Snare er direktør ved KODE

Petter Snare, direktør ved KODE i Bergen, som forvaltar ei stor Astrup-samling.

Foto: Dag Fosse / KODE

Det er oppdaga 13 nye verk av Jølster-kunstnaren i forbindelse med forsking, som har vore ein del av førebuingane. Dei fleste av desse er trykk av allereie kjende motiv. Men heilt utav det blå dukka det opp eitt måleri med eit motiv som ingen visste om.

Verken KODE, som forvaltar ei Astrup-samling på 1100 verk eller Astruptunet, heimstaden til Astrup som nå er museum, kjende til verket «Grå vårkveld og blomstrande frukttre» frå 1909.

– Det er ikkje ofte det dukkar opp ting av Astrup som vi ikkje har sett før, seier Snare.

Ein tilfeldig lunsj

Bakgrunnen for oppdaginga var ei reise i 2019 då KODE-direktør Petter Snare var i USA og møtte den norske kunstsamlaren Lise Stolt-Nielsen. Då direktøren fortalde han jobba med ei Astrup-utstilling, kunne kunstsamlaren røpe det som skulle få Astrup-ekspertar til å skjelve av begeistring.

Stolt-Nielsen hadde to måleri av Nikolai Astrup i samlinga si. Eit i USA og eit i Noreg.

Vårnatt og seljekall av Nikolai Astrup

«Vårnatt og seljekall» («Spring Night and Willow»). Nyoppdaga tresnitt frå 1917, som tilhøyrer Nicolai Tangen si samling.

Foto: Grev Wedels Plass Auksjoner
Rabarbra på Sandalstrand av Nikolai Astrup.

«Rabarbra på Sandalstrand» («Rhubarb at Sandalstrand»). Olje på lerret, laga ein gong etter 1925. Verket tilhøyrer Lise M. Stolt-Nielsen si samling og er eit av dei nyoppdaga verka som nå blir stilt ut på The Clark.

Foto: O. Væring / CLARK ART INSTITUTE
Fugl på sten av Nikolai Astrup

«Fugl på sten» («Bird on a Stone»). Handkolorert tresnitt som tilhøyrer Nicolai Tangen si samling, og som er eit av dei nyoppdaga verka som nå blir stilt ut på The Clark.

Foto: Grev Wedels Plass Auksjoner
Hjem fra arbeid av Nikolai Astrup.

«Hjem fra arbeid» («Home from Work»). Kolorert tresnitt frå 1905, som tilhøyrer ei privat samling. Også det funne under førebuingane til utstillinga.

Foto: Bruce M. White / CLARK ART INSTITUTE
Juninatt i hagen av Nikolai Astrup.

«Juninatt i hagen» («A Night in June in the Garden»). Eit handkolorert tresnitt frå 1911, som tilhøyrer Nicolai Tangen si samling.

Foto: Grev Wedels Plass Auksjoner
Maimåne av Nikolai Astrup.

«Maimåne» («The Moon in May»). Eit handkolorert tresnitt frå 1908, som tilhøyrer ei privat samling.

Foto: Bruce M. White / CLARK ART INSTITUTE
Maleriet Plognatten av Nikolai Astrup.

«Plognatten» («Night Plowing»). Handkolorert tresnitt laga i 1926/27 utlånt frå ei privat samling.

Foto: Bruce M. White / Clark Art Institute
MaryAnne Stevens - kurator Nikolai Astrup

MaryAnne Stevens har kuratert utstillinga ved The Clark i USA, ho var over seg av begeistring då det ukjende Astrup-verket dukka opp.

Foto: Royal Academy of Arts, London

– Eg blei rett og slett svært begeistra då eg høyrde det, fortel den britiske kuratoren MaryAnne Stevens, som har jobba med Nikolai Astrup sine verk i ti år.

MaryAnne Stevens har kuratert utstillinga ved Clark institute i USA. Og i 2016 sette ho saman Nikolai Astrup-utstillinga, som blei ein stor suksess i London, blant anna.

Ho fortel at det dukkar opp nye Astrup-verk frå tid til annan, men at måleriet med namnet «Grå vårkveld og blomstrande frukttre» var særs uvanleg.

Uvanleg detalj sår tvil

Måleriet er både signert og datert, ikkje berre med årstalet 1909, men med eksakt dato, 7. juni.

– Dette er så uvanleg til å vere Nikolai Astrup at eg lurte på om det verkeleg var Astrup sitt verk, seier MaryAnne Stevens.

Ho hadde berre sett eit fotografi av måleriet. Men då ho fekk kome til USA å sjå verket var ho ikkje i tvil, dette var Astrup.

Måleriet var interessant av fleire grunnar. Teknikken var meir open enn den hadde vore mellom 1900 og 1907. Dessutan er bilete ganske talande for den kunstnariske krisa Astrup gjekk gjennom på den tida, ifølgje Stevens.

– I fleire år var Astrup usikker på kva retning han skulle gå og korleis kvaliteten på bileta skulle vere. Det enda med at han drog på inspirasjonstur til Berlin i 1911, der han gjekk i lære hos ein av dei verkeleg store kunstnarane, Lovis Corinth. Dette verket er særs opplysande i den forbindelse, fortel MaryAnne Stevens til NRK.

– Kor ofte skjer det at Astrup-måleri av ein slik art dukkar opp?

– Det er relativt sjeldan. Årsaka er at det er så mykje av Astrup sin kunst som framleis er i originale samlingar. Det er mykje stoltheit knytt til Astrup og tendensen er at ein held fast på kunsten innanfor familien og gir den vidare til neste generasjon, slik at den ikkje kjem på marknaden, seier Stevens.

No er måleriet i tillegg til ti andre nyoppdaga verk ein del av utstillinga som heng i USA. I oktober kjem utstillinga, inkludert det oppsiktsvekkande måleriet, til KODE i Bergen.

– Det er eit fantastisk fint bilete, og eit viktig funn i historia av Astrup, seier direktør ved KODE, Petter Snare.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.