Hopp til innhold

TV4 fjernar programleiar

Svensk TV4 har bestemt seg for å ta alle program med Martin Timell av sendeskjemaet denne hausten, etter at det er retta ei rekke alvorlege skuldingar mot programleiaren.

Martin Timell Äntligen hemma

Oppussingsprogrammet «Äntligen hemma» på svensk TV4 er ein av programseriane som blir tekne av lufta denne hausten, etter at det har kome alvorlege skuldingar mot programleiaren Martin Timell. Her er han saman med Karin Mannerstål, Hanna Peters og Elsa Billgren som er ekspertar og medprogramleiarar i programmet. Ingen av desse skal, etter det NRK kjenner til, vere blant dei som har klaga på Timell.

Foto: Pär Bäckstrand / TV4

Fleire tidlegare medarbeidarar har skulda TV4-profilen for sexistiske, rasistiske og homofobe kommentarar. I tillegg er han skulda for seksuelle overgrep. Dei meiner også at leiinga i TV4 aktivt har dyssa ned skuldingane, og at dei har visst om skuldingane i fleire år, skriv Aftonbladet.

Skuldingane mot Timell kjem etter at fleire kvinner har gått ut på sosiale medium i samband med #Metoo-kampanjen og fortalt at dei har vore utsette for overgrep og trakassering av programleiaren, som i har leia fleire populære program for TV4.

Samanlikna med Weinstein

Ein av dei som har gått ut mot Timell er Lulu Carter, som har medverka som ekspert i oppussingsprogrammet «Äntligen hemma». Ho seier til Expressen at ho måtte gå i terapi på grunn av det ho opplevde.

Tidlegare i veka la ho også ut eit bilde på Instagram der ho samanlikna Martin Timell med Harvey Weinstein.

No har TV4 bestemt seg for å ta programma Timell skulle ha leia denne hausten av sendeskjemaet. Det gjeld «Äntligen hemma», som er eitt av dei mest populære programma på kanalen, og programmet «Fuskbyggarna».

Ekstern etterforsking

Advokatfirmaet Zetterwalls skal no gjennomføre ei gransking for å finne ut av kva som har skjedd.

– Oppdraget er å undersøke situasjonen hos oss og miljø der medarbeidarane våre arbeider, og deretter foreslå eventuelle endringar vi må gjennomføre, skriv TV4 i ei pressemelding

I tillegg vil TV4 innføre nye retningslinjer for samarbeid med produksjonsselskap. Dei ønsker også å få med seg tv-husa SVT, MTG og Discovery for å diskutere korleis bransjen skal bli betre på å møte spørsmål og skuldingar om misforhold, diskriminering og trakassering, skriv Expressen.

TV6 fjernar også Timell

I Noreg er det TV6 som viser «Äntligen hemma» med den norske tittelen «Endelig hjemme». Og no blir programmet fjerna frå den norske sendeplanen også, seier kommunikasjonssjef Line Vee Hanum i MTG TV.

– Når det har kome så kraftige skuldingar mot programleiaren at TV4 har valt å ta programmet av sendeplanen, meiner vi det er rett at vi også gjer det, seier ho til NRK.

I tillegg til at programmet blir fjerna frå sendeplanen søndag, har MTG også fjerna tidlegare sende program frå nettspelaren sin Viafree.

Kulturstrøm

  • Naturhistorisk museum UiO kåret til årets museum

    Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo, ble kåret til årets museum 2023, melder museumsforbundet i en pressemelding.

    I nominasjonen skriver blant annet juryen at Naturhistorisk museum er ett av landets største, eldste og best besøkte museer og museumsområder. Et velvoksent museum med ansvar for å forske på og formidle betydningen av klima, mangfold og bærekraft for livet på jorda.

    Prisen ble delt ut av statssekretær i Kultur- og likestillingsdepartementet Odin Adelsten Bohmann og sametingsråd Maja Kristine Jåma i Stavanger.

  • Dømt for å ha limt seg fast til «Skrik»

    De to kvinnene som limte seg fast til Munch-maleriet «Skrik» i november i fjor, er nå dømt i Oslo tingrett.

    Det melder Aftenposten.

    Kvinnene er klimaaktivister og demonstrerte mot norsk oljepolitikk.

    De er 25 og 34 år gamle, og var også siktet for å ha deltatt i to demonstrasjoner i Oslo i 2022.

    Kvinnene fikk opprinnelig forelegg fra politiet, men nektet å betale. Derfor måtte de møte i retten.

    Nå er 25-åringen dømt til å betale en bot på 16.000 kroner. Den andre kvinnen er dømt til å betale en bot på 24.500 kroner.

    Det verdenskjente Munch-maleriet kom uskadet fra hendelsen, men limrester måtte fjernes fra veggene.

    aktivister fra organisasjonen Stopp oljeletinga har forsøkt å lime seg fast til rammen til Munch-maleriet «Skrik» på Nasjonalmuseet
    Foto: Ludvig Furu / Tidens ånd