Hopp til innhold

Tre CNN-journalistar går av etter Russland-artikkel

Artikkelen blei trekt tilbake dagen etter at den blei publisert førre veke.

Anthony Scaramucci

TRUMP-RÅDGJEVAR: CNN skreiv om eit møte mellom Anthony Scaramucci (bilde) og Kirill Dmitrjev, leiar i eit russisk investeringsfond. Artikkelen blei raskt trekt tilbake.

Foto: RICHARD BRIAN / Reuters

CNN har akseptert oppseiinga til tre journalistar etter at dei publiserte ein artikkel om eit angiveleg møte mellom ein av president Trump sine rådgjevarar og ein russisk finansmann, skriv nyheitsbyrået AP.

Dei tre journalistane som nå har levert si oppseiing var Thomas Frank, som skreiv artikkelen, Eric Lichtblau, ein redaktør i CNN si graveavdeling og Lex Haris, som overvaka avdelinga. Det opplyser ein CNN-medarbeidar som ønskjer å vere anonym.

CNN-journalister sa opp

LEVERTE OPPSEIING: Journalist Thomas Frank, redaktør Eric Lichtblau og redaktør Lex Haris leverte si oppseiing etter at CNN publiserte omstridt artikkel.

Foto: Twitter/ Tom Frank, EricLichtblau.com, Twitter/ Lex Haris

Artikkelen som blei publisert torsdag handla om ein mistanke om eit møte mellom eit russisk investeringsfond og ein assistent til president Donald Trump. CNN skreiv at senatets etterretningskomité etterforska dette møtet.

Ei intern gransking i CNN avslørte at visse redaksjonelle retningslinjer ikkje var følgt då artikkelen blei publisert.

Då artikkelen blei sletta frå nyheitsnettstaden fredag kveld blei den erstatta med ei redaksjonell orsaking retta til Anthony Scaramucci, den nemnde rådgjevaren til Trump.

Journalist i CNN og tidlegare Pulitzer-finalist Thomas Frank la laurdag ut ei twitter-melding med den redaksjonelle orsakinga frå CNN.

Laster Twitter-innhold

Eit slag i ansiktet for CNN

President Trump har vore kritisk til CNN, og kalla nyheitskanalen «falske nyheiter». Han nekta blant anna å svare på spørsmål frå ein CNN-journalist under sin første formelle pressekonferansen etter presidentvalet.

Sist vekes CNN- tabbe og dei påfølgande oppsigelsane går ikkje upåakta hen på Trump sin Twitter-konto.

Laster Twitter-innhold

LES YTRING: Da Trump møtte pressen

Trump sin rådgjevar, Scaramucci har ei meir ydmyk tone på twitter og aksepterer orsakinga frå CNN.

Laster Twitter-innhold

Kulturstrøm

  • Britney Spears inngår forlik med faren sin

    Popstjerna har inngått eit forlik med faren sin Jamie Spears, meir enn to år etter at ei rettsavgjerd avslutta verjeordninga som har gitt han kontroll over livet hennar. Det melder CNN.

    Sidan verjeordninga vart avslutta, har Britney Spears og faren vore i retten fleire gonger i samanheng med advokathonorar og skuldingar om upassande oppførsel under verjeordninga. Far hennar har heile tida motsett seg skuldingane.

    Vilkåra for forliket er ikkje offentleggjort, men advokatane til Spears stadfestar forliket til CNN.

    (FILES) US singer Britney Spears arrives for the premiere of Sony Pictures' "Once Upon a Time... ...
    Foto: AFP
  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.