Tyskarunge
Eva jobbar som prostituert frå ei lita hybelleilegheit i Oslo. Ho er 56 år gammal og har livnært seg som prostituert sidan ho var fjorten år. Eva er tyskarunge, og rømde heimanfrå på slutten av femti-talet.
Ly hos taterane
Oslo var storbyen der alt skjedde - der traff ho taterar som gav henne mat og husrom. Og som introduserte henne for prostitusjonen. Dei fyrste gongene var ho med og såg på når taterkvinnene jobba, etterkvart måtte ho skaffa pengane sjølv.
Ti kroner turen
-De første turene fikk jeg ti kroner. Og hvis jeg var veldig flink og de fikk ta og tjafse mye, så fikk jeg kanskje femten, fortel Eva.
Eva fortel om Oslo frå 50-talet og fram til i dag, frå ei side som er ukjent for folk flest.
Du kan høyra historien hennar i Radiodokumentaren laurdag 24. mars klokka 10.15 på P2. Reprise måndag 26. mars klokka 14.05.
Programmet er laga av Kari Hesthamar, teknisk regi er ved Geir Hauger.